Wattn web 2713 variant

Aktuelt

01. desember, 2024

Vi søker Seljar Bedriftsmarknad

Arbeidskvardagen din
Hos oss vil du få ein variert kvardag i ein spennande bransje. Du vil bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Vi tilbyr gode personlege- og faglege utviklingsmoglegheiter i eit selskap med store ambisjonar om framleis vekst. Arbeidsstad vil vere ved eit av kontora våre i Ålesund, Sandane, Ørsta eller Stryn.


Nokre av dine viktigaste arbeidsoppgåver:

  • Sal til storkunder, nye og eksisterande, åleine og i team
  • Ha den tekniske kompetansen som ser løysingar på behovet til kunden i salsprosessen
  • Sjå moglegheiter og bidra med innovative løysingar slik at Wattn lykkast saman med kundane sine



Kven er du?
Vi ser etter deg som har god teknisk forståing og bakgrunn frå sal. Det vil vere ein fordel med høgare teknisk utdanning, men relevant erfaring kan kompensere. Som person trur vi at du er ein resultatorientert lagspelar som er fleksibel og løysingsorientert. Du har evna til å sjå moglegheiter og liker å jakte på nye sal.