Aktuelt
01. desember, 2024
Vi søker Leiar Bedriftsmarknad
Arbeidskvardagen din
Hos oss vil du få ein variert kvardag i ein spennande bransje. Du vil bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil ha leiaransvar for bedriftsmarknadsteamet vårt og rapportera til vår Chief Commercial Officer.
Vi tilbyr gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter i eit selskap med store ambisjonar om framleis vekst. Arbeidsstad vil vere ved eit av kontora våre i Ålesund, Sandane, Ørsta eller Stryn. Det vil vere behov for noko reiseverksemd til kundane og kontorstadene våre.
Nokre av dine viktigaste arbeidsoppgåver:
- Leia salsteamet for bedriftsmarknaden
- Vere ein samlande lagbyggar
- Aktivt bidra til godt samspel og kommunikasjon i leiarteamet
- Ha eit overordna ansvar og fokus på risikostyring, personal, salsbudsjett og kostnadskontroll
Kven er du?
Vi ser etter deg som har erfaring frå B2b sal med større kundar. Du er ein trygg formidlar og har leiarerfaring frå sal. Som person er du ein tydeleg leiar som byggjer gode team og relasjonar. For å lykkast i rolla må du ha kommersiell teft og ei evne til å setje deg inn nye og komplekse problemstillingar i bransjen vår.
Leiar bedriftsmarknad
Arbeidssted: Ålesund, Sandane, Ørste, Stryn
Søknadsfrist: 31.12.2024
Andre ledige stillingar
Vi søker Seljar Bedriftsmarknad
Aktuelt
01. desember, 2024