Aktuelt
Styrkar posisjonen vår på Vestlandet
PRESSEMELDING, 21.02.2022
Wattn kjøper Vestlandsenergi frå Eviny – Styrkar posisjonen sin på Vestlandet
Det nye straumselskapet Wattn held fram veksten og kjøper alle aksjane i Vestlandsenergi frå Eviny.
Wattn er eit nytt straumselskap som dei fire energikonserna TAFJORD, Sogn og Fjordane Energi, Tussa og Sognekraft står bak. Dei har store vekstambisjonar og tek opp konkurransen med dei største straumselskapa i Noreg. Med oppkjøpet av Vestlandsenergi AS styrker dei sin posisjon på Vestlandet med både kontor og lokalt tilsette i Kvinnherad.
- Vi er veldig glade over å få med oss Vestlandsenergi inn i Wattn. Det er eit veldrive selskap med samanfallande verdisett og framtidstankar som oss. Dei passer derfor godt inn i vår vekststrategi, seier administrerande direktør i Wattn Øystein Vikingsen Fauske
Vestlandsenergi er eit kraftomsetningsselskap med i underkant av 8000 kundar og er 100 % eigd av Eviny AS (tidl. BKK AS). Omsetninga i 2021 var på i underkant av 100 millionar kroner. Selskapet har tilhald i Kvinnherad og har 3 tilsette. Selskapet eig også 33.33% av Lokalkrafta AS.
- For Eviny har det vore viktig å finne ein kjøpar av Vestlandsenergi som kan føre vidare den sterke lokale posisjonen som Vestlandsenergi har i Sunnhordland, og som kan utvikle selskapet vidare, seier styreleiar i Vestlandsenergi Arne Andreas Riisnes.
Wattn vil med oppkjøpet av Vestlandsenergi ha ein kundeportefølje på i overkant av 110.000 kundar og ei totalomsetning på om lag 1.5 milliardar kroner basert på 2021 tall.
Større selskap, men framleis lokalt engasjement
Alle dei tilsette i Vestlandsenergi blir med vidare og vil framleis ha kontorplass i Kvinnherad.
- Vi er opptekne av å vere synleg lokalt og ser verdien av å vere nær kundane våre. Dei tilsette har stor kunnskap om kundane og regionen dei jobbar i, og eg er derfor sikker på at kundane vil bli tekne godt vare på, seier Fauske. Målet er å ta ein endå sterkare marknadsposisjon på Vestlandet.
- Vi som er tilsett i Vestlandsenergi gler oss til å bli ein del av Wattn og ser fram til å bli del av det store og kompetente miljøet for kraftomsetnad, seier dagleg leiar i Vestlandsenergi, Kenneth Ingvaldsen.
Wattn har frå tidlegare kontor i Ålesund, Sandane, Ørsta, Vik i Sogn, Førde, Florø og Stryn.
Tilgang til nye smarte tenester
Wattn vart lansert i november i fjor, og kom då på marknaden med ei rekke nye framtidsretta produkt og tenester. Selskapet har satsa tungt på smartteknologi som gir kundane betre innsikt og kontroll over kostnadar og forbruk. Blant anna er dei i marknaden med ein helt ny kundeapp som på kort tid har vorte svært populær, og som gir kundane full kontroll over eige straumforbruk. Wattn har også lansert innovative digitale løysingar for bedriftskundane.
- Kundane i Vestlandsenergi vil framleis få den gode oppfølginga og servicen som dei er vande med. I tillegg vil dei få tilgang på alle dei nye smarte tenestene som Wattn kan tilby, seier Fauske
- Eg er trygg på at dette er ei svært god løysing for alle involverte partar. Eviny har vore opptekne av å finne ei god totalløysing som både tek omsyn til dei tilsette, kundane, lokalmiljøet og selskapet si framtid, seier Riisnes.