Regndråper på vindu

Straum

Kva påverkar straumprisane?

Straum er ferskvare og må brukast i same sekund som den vert laga. Tilbod og etterspurnad har stor betyding for kor mykje du må betale for straumen. Det er likevel fleire faktorar som påverkar straumprisen.

Straumbørsen NordPool set prisen
Mange trur at det er straumselskapa som bestemmer straumprisane. Det stemmer ikkje. All straum i Noreg vert kjøpt og seld på straumbørsen Nord Pool, som er Europa sin største marknadsplass for elektrisk straum. Sidan vi er ein del av ein felles europeisk straummarknad, har straumprisane på kontinentet innverknad på straumprisane våre her heime. Prisen på straumen, som vert sett av Nord Pool, blir bestemt av tilbod og etterspurnad. Dess større etterspurnad er, dess fleire energikilder må takast i bruk for å dekke behovet. I nokre periodar treng vi nesten berre vatn og atomkraft, som er billeg, medans vi i andre periodar treng kol-, gass- og oljeprodusert elektrisk straum.

Straum er vêravhengig
I Norge produserer vi i all hovudsak straum av vasskraft. Dette er ein fornybar og billeg måte å lage straum på, som også er bra for miljøet. Dette fører samtidig til at produksjonskapasiteten på straum er vêravhengig. Ein varm og tørr sommar, i kombinasjon med ein kald vinter med lite nedbør og høgt straumforbruk, gjer at vassmagasina vert redusert. Då stig straumprisane gjerne so mykje at straumrekninga verkar svært høg, slik vi opplevde det vinteren 2019 og 2021.

Regnar det derimot mykje, og ein får ein mild og våt vêrtype over tid, vil det ha ein positiv effekt på straumprisen, og føre til lågare straumrekningar. Når vi synest det regnar litt mykje på nordvestlandet, er det altså aldri så gale at det ikkje er godt for noko.

Auka Co2-kvotar
I Europa er kraftprisane vesentleg høgare enn i Noreg. Mykje av energien som vert produsert kjem frå kol- og gasskraftverk, og i den seinare tida har prisen på Co2-kvotar auka kraftig. Det gjer at det har blitt dyrare å produsere straum som forureinar på denne måten. Det er bra for klimaet, men det påverkar altså straumprisen her heime.

Straumprisen kort oppsummert
Det er altså fleire faktorar som påverkar straumprisen: Produksjon, etterspørsel, vêret, i tillegg til straumprisane i Europa. Det er straumbørsen NordPool - ikkje straumselskapa, som fastset kor mykje straumen skal koste.

Har du fleire spørsmål om straumprisen, kontakt oss gjerne.