Wattn bedrift Folkets fotavtrykk logo

Berekraft

Folkets Fotavtrykk

To tredjedeler av alle globale utslepp kjem som ei direkte effekt av vårt forbruk. Vi ønsker å bidra til at alle skal ha moglegheit til å enkelt redusere sine personlege klimagassutslepp.

Vi er samarbeidspartnar i Folkets Fotavtrykk og var med då klimakartet for berekraftig forbruk blei lansert i august. Dette markerer starten på eit viktig og spennande samarbeid mellom det offentlege, næringslivet og enkeltindivid for å nå FN’s berekraftsmål. For at vi skal nå klimamåla må vi alle gå saman.

Folk flest er klare for ei omstilling
Internasjonale-, nasjonale- og eigne kundeundersøkingar viser at folk ønsker å leve meir berekraftig, men mange lurer på korleis dei skal få det til. Dette ønsker vi å bidra til med å synleggjere den enkelte sitt fotavtrykk på energi. Vi vil motivere til eit meir berekraftig forbruk, både for måling og endring.

K
limakartet
For å kunne redusere forbruket sitt, må ein vite kva utgangspunktet er. Klimakartet synleggjer gjennomsnittleg fotavtrykk per innbyggjar i kommunen. Klimatala bryt ein ned i kategoriane mat, transport, forbruk, energi og andel av offentlege utslepp. I starten er desse klimatala basert på offentlege datakjelder frå SSB og offentlege registrert som lovregulert kan brukast.

I tredje kvartal vil fotavtrykka bli oppdatert med sanntidsdata blant anna frå næringslivspartnarar som oss i Wattn. Du styrer sjølvsagt om du vil dele ditt forbruk eller ikkje, som eventuelt blir anonymisert. Ved å bidra med ditt forbruk vil kommunen du bur i få eit meir korrekt fotavtrykk for sine innbyggjarar og kan setje i gong tiltak.

Du vil sjølv kunne sjå ditt fotavtrykk for energi i vår kundeapp. I appen kan du mellom anna finne samanlikningar og tips, og etter kvart vil vi kunne filtrere endå meir inn i energikategorien.

I den store klimakampen må det offentlege, næringslivet og innbyggjarane jobbe saman – ein felles dugnad - og vi i Wattn er med
!