Wattn bærekraftige bedrifter konferanse 2024

Aktuelt

Hovudpunkt fra «Bærekraftige bedrifter – fra ord til handling» 2024

For tredje året på rad gjekk konferansen «Bærekraftige bedrifter – fra ord til handling» av stabelen på PIR-bygget i Ålesund 5.mars. Konferansen er eit samarbeid mellom oss, NTNU, Nordea og Sparebanken Møre. Vi har oppsummert nokre av hovudpunkta frå konferansen under. Der finn du også opptak av konferansen som vi absolutt anbefala deg å sjå om du har tid.

Aksel Mjøs, leiar av Naturrisikoutvalget
Aksel innleidde natur og naturrisiko delen av programmet med presentasjonen «Kva betyr naturrisiko for verksemda di og korleis skal du handtere dette på beste måte?».

- Dei siste 50 åra har folketalet i verda dobla seg, samtidig som uttaket av naturressursar som mat og energi er tredobla.
- ¾ av jorda sine landareal er vesentleg endra.
- 2/3 av havarealet opplever stor samla belastning.
- 1 million av 8 million plante- og dyreartar i verda står i fare for å døy ut om vi ikkje tek grep.
- Ei viktig kraft for endring er EUs Green deal eller grøne giv som vi kallar det på norsk.
- Naturrisiko er eit krevjande fagfelt i utvikling, men det kan vere enklare å ansvarleggjere skade på natur enn eksempelvis klimagassutslepp.
- Nokre gode råd for å jobbe med naturrisiko er å forstå avhengnad og påverking. Det er viktig å jobbe med det som er vesentleg for bedrifta, og bruke oppdatert datagrunnlag og kunnskap. Integrer naturrisiko i etablerte prosessar for samla risikostyring og vurder alltid aktivitetar opp mot moglege framtidige utfallsrom.


Erik Espeset, konserndirektør i TAFJORD og styreleiar i Wattn
Korleis utvikle meir fornybar energi og samtidig vareta naturen? Dett var eit tema Erik adresserte og han fortalde om kva TAFJORD gjer og planar dei har for å vareta dette.

- Vi står i eit energitrilemma. Alle vil ha grøn omstilling, urørt natur og rimelege straumprisar. Vi får ikkje alle tre samtidig, vi må velje to og det er dette debatten kjem til å vise framover.
- Det er eit varig kraftunderskot i Møre og Romsdal. VI har vekst i forbruket men ikkje i kraftproduksjon. Vi importerer mellom anna vindkraft frå Trondheim og vind og vasskraft frå Vestland fylke, kan vi stole på at det også blir slik i framtida?
- Vi må passe på at vi ikkje lagar naturrisiko til ei stiv tvangstrøye. Sjå eksempelvis til Geiranger som treng energi til å utvikle seg, men mange gode krefter har tidlegare kapsla bygda inne i verneplanar.


Dagny-Elise Anastassiou, Sustainability Manager I Avea Ocean
Avea Ocean har utvikla og patentert teknologi som mogleggjer skånsam presisjonsfikse av dei mange sjømatskattane til havbotnen. Dagny-Elise fortalde og forklarte kvifor vi av og til må finne opp hjulet på nytt.

- Havet speler ei heilt sentral rolle i å bli stabilisert økosystema på jorda.
- Havbotnen er bjelken til livet i havet. I havbotnen veks det tareskog. Tareskogen absorberer fire gonger meir Co2 enn skogen på land.
- Vi har ein kråkebolleørken i fjordane våre, og 80% av tareskogen er borte i fjordane våre. Korleis hadde vi reagert om vi mista 80% av skogen på land?
- Før Avea Ocean lanserte det nye utstyret sitt for å hauste kamskjel hadde det nesten ikkje vore endring i utstyret som vart brukt i kamskjelindustrien (som går tilbake til 1875).


Leif I. Nordhus, leiar digitale tenester i Circular Norway
Leif innleidde den delen av konferansen som omhandla sirkulærøkonomi. Har du tenkt over at ei vaskemaskin får du kjøpt i løpet av timen, men det tek vekevis å reparere han? Det er ein systemfeil. I Noreg er vi berre 2,4% sirkulære, korleis kan vi forbetre dette talet?

- Jorden held på å gå tom for råstoff.
- 85% av kritiske råvarer som ikkje er fornybare importerer vi frå Kina. Desse råvarene inngår i forsvarsindustrien, bilindustrien, forbruker elektronikk og helse.
- Det ligg mellom 10-12 millionar mobiltelefonar rundt omkring i dei norske heimane. Dette er eit problem, for i desse mobiltelefonane er det sjeldne metall og kritiske råvarer. Når desse ligg heime saman med pc-ar osb kjem desse råvarene ikkje tilbake til krinsløpet.
- Bedrifter bør kartleggje lineær risiko, og setje i gang med risikoreduserande tiltak.
- Det handlar om det som påverkar materialstraumen direkte. Kva for nokre fornybare ressursar bruker vi. Korleis kan vi vareta og forlengje det vi allereie har produsert og korleis kan vi bruke avfall som ressurs?
- Mogleggjere for sirkulærøkonomi er sirkulær design, digital teknologi, samarbeid, nye forretningsmodellar og kompetanse.


Solveig Stornes og Martin Ose frå Møre og Romsdal Fylkeskommune
Denne duoen snakka om sirkulærøkonomi og grøn omstilling frå eit fylkesperspektiv. Solveig er prosjektleiar for berekraftig samfunnsutvikling og Martin er prosjektleiar i skaparkraft i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

- Skaparkraft er eit omstillingsprogram for det grøne skiftet i næringslivet som skal stimulere til regional utvikling av verdikjeder med fokus på berekraft og eksport.
- Målgruppene for skaparkraft er klyngjer, kunnskapsparkar, innovasjonsmiljø, forsking, akademia og bedrifter.
- Dei fortalde om eit døme i skaparkraft, der aktørar i møbelbransjen har sett på betre bruk av ressursar i regionale verdikjeder og korleis møbelbedriftene kan samarbeide med å bruke overskotstekstil frå produksjon på betre måtar.


Mari Larsen Sæther, Recycling lead I Tomra Textiles
Når forretningsmodellen er søppel: Sirkulærøkonomi frå prat til praksis! Var namnet på foredraget til Mari. Mari brenn for å skape løysingar som dreg verda i ei berekraftig retning og er kåra av Dagens Næringsliv som ein av 30 leiestjerner under 30 år.

- Ein nordmann har i snitt 359 plagg i skapet, og vi konsumerer 50% meir enn EU-gjennomsnittet.
- Visste du at ein jeans har reist 1,5 gong rundt jorda før du har teke på deg buksa? Det er enormt mange ledd frå bomullsfrøet blir sett i jorda til du dreg på deg buksa. Å då kan du stille deg spørsmålet kven tek eigentleg kostnaden for dette?


Hans Jørgen Fedog, medeigar og CEO i Green Yard
Hans Jørgen driv søsterverfta Green Yard Feda og Green Yard Kleven, som til saman tilbyr skipsbygging, ombygging, riggservice og resirkulering av skip. Han fortalde litt om korleis dei har fokus på sirkularitet og korleis interessa i marknaden har endra seg på dette området dei siste fem åra.

- Om bord i båtane resirkulerer dei mykje av utstyret som er av god kvalitet som kan brukast på nytt. Utstyret sel dei vidare etter kvalitetssjekk, overhaling og sertifisering, og dei tilbyr montering og tilpassingar på skip.
- Skrapjernet frå resirkuleringsprosjekta smeltast framleis om for å bli råvare og bli brukt på nytt.
- Kundane sparer pengar når dei set inn ein brukt bustadmodul på skipet pluss dei sparer masse Co2-utslipp, dette er kundane veldig fornøgd med.


Roger Hofseth, gründer og CEO for sjømatselskapet Hofseth
Roger avrunda konferansen med å fortelje korleis Hofseth bidreg til ei meir berekraftig sjømatnæring. Konsernet dekkjer heile verdikjeda i produksjonen av laks og aure og Roger delte planane til korleis dei skal jobbe framover.

- Ta tak i og jobb med det som er vesentleg, der du kan gjere størst forskjell… men ver obs på at enkelte ting kan endrast raskt og andre tiltak krev lenger tid før ein får til ei stor endring. Gjennomfør dei lågt hengande fruktene.
- Hofseth har gjennomført ulike små og store tiltak i heile verdikjeda. Eksempelvis er 80% av anlegga deira elektrifisert.
- Dei har ein nullutsleppsbåt som fraktar besøkjande til og frå visningsanlegget deira.
- MEN dei store utsleppa i bransjen er flyfrakta som øydelegg eit godt miljørekneskap for laksen. Hofseth har redusert flyfrakta kraftig og satsar no på å frakte fisken fryst, for deretter å tine fisken i Ice fresh tine-hubber som dei skal bygge rundt om i verda.