Berekraftige bedrifter
Bærekraftige bedrifter - Fra ord til handling
Dei store klima- og miljøutfordringane gjeld oss alle. Derfor må vi alle bidra inn i det grøne skiftet. Som ein aktør i energi- og straummarknaden skal vi ta vårt ansvar. Vi jobbar for å hjelpe både enkeltpersonar og bedrifter med å bli meir energismarte. Målet vårt er å gjere det enklare for folk å vere straumkunde samtidig som det skal bli lettare å spare straum.
Gjennom konferansen Bærekraftige bedrifter – frå ord til handling ønskjer vi å skape ei plattform for kompetanseutveksling og nettverksbygging. Dette gjeld for alle som er engasjerte i og opptekne av berekraftig utvikling i verksemda si. Som medarrangør håpar vi å gi bedrifter inspirasjon og dele kunnskap som vil støtte arbeidet deira med berekraft.
Konferansen er årleg og gratis.
Bærekraftige bedrifter 2024
I 2024 handla konferansen om to høgrelevante tema, naturrisiko og sirkularitet. Både fagekspertar og lokale bedrifter delte av kunnskap og erfaringar denne dagen.
Bærekraftige bedrifter 2023
I 2023 tok konferansen for seg S, (Social), og G, (Governance) i ESG med to bolkar der den eine handlar om mangfald og den andre om Åpenhetsloven.
Bærekraftige bedrifter 2022
I 2022 handla konferansen i stor grad om E-en (Enviromental) i ESG, framtidige trendar, diverse støtteordningar og sertifiseringar, i tillegg til praktiske døme frå bedrifter.
Samarbeidet
Konferansen "Bærekraftige bedrifter – frå ord til handling" er eit samarbeid mellom Nordea, NTNU, Sparebanken Møre og Wattn. Kvart år tek vi opp ulike berekraftstema og utarbeider eit program som ikkje berre gir fagleg og teoretisk innsikt, men også presenterer praktiske døme frå lokale bedrifter som aktivt handterer desse problemstillingane.
I tillegg til at samarbeidet er inspirerande og lærerikt har vi klokketru på at den tverrfaglege kompetansen vår legg til rette for ei meir heilskapleg tilnærming til ulike tematikkar. Dette trur vi gir betre resultat.