Wattn ansatte 1

Berekraft

Berekraftige tilsette

For å sikre gode levekår for noverande og framtidige generasjonar må vi forflytte oss, ete og forbruke meir berekraftig. Gjennom to veker i september deltok alle tilsette i Wattn i ein konkurranse om å bli dei mest klimavennlege medarbeidarane i Norge.

Tilsette frå bedrifter som Bergans, Jernia, Holte Consulting, Orkla, Asplan Viak og mange fleire deltok også i konkurransen. Målet var å få våre vanar til å bli meir klimavennlege slik at vi i fellesskap kan senke klimagassutslepp kvar einaste dag. Vi er skikkelig stolte over at våre engasjerte og dyktige tilsette tok tredje plassen!

Den plasseringa er vi stolte av, seier leiar for berekraft i Wattn, Elin Hessen. Om alle i Norge gjorde som våre tilsette ville det ha tilsvart 28% reduksjon i Norge sitt totale årlege karbonutslepp*. Desse gode vanene skal vi ta med oss vidare!

Berekraft er eit av dei viktigaste områda i vår strategi, vi er oppriktig opptatt av berekraft og meinar vi kan gi ein reell verdi til våre kundar på dette området. Det handlar både om konkrete produkter og tenester, men også om innsikt. Vi har fokus på dette heile dagen, ikkje bare i arbeidstida. Nettopp difor deltok vi i den store klimakonkurransen som er arrangert av Ducky og Fremtiden i våre hender. Konkurransen er eit veldig godt redskap for auka medvitet rundt kor stor effekt små kvardagsaktivitetar kan ha, seier administrerande direktør Øystein Vikingsen Fauske.

Vi vil verkeleg anbefale denne konkurransen til andre bedrifter. Vi har lært mykje, det har vvore kulturbyggjande og ikkje minst har det gitt oss mange gode klimavennlege vanar.

*Norges klimagassutslepp er 54 millioner tonn CO2e per 2015. Kjelde: Statistisk Sentralbyrå