×

Viktig! Vi får mange spørsmål om regjeringa si kompensasjonsordning. Dersom du har spørsmål knytt mot dette, kan du sjå om du finn svar på NVE sine sider her.

Kva kan vi hjelpe deg med?

På Mi side kan du

  • Sjå ditt straumforbruk
  • Sjå dine fakturaer
  • Endre din straumavtale
    • Kor finn eg informasjon om kompensasjonsordninga for høge straumprisar?
    • Regjeringa si kompensasjonsordning for dei høge straumprisane legg til rette for at privatkundar kan få dekka deler av straumrekninga si. Dersom den gjennomsnittlege straumprisen i ditt prisområde er meir enn 70 øre/kWh (ekskl. mva) i løpet av ein månad, har du rett på kompensasjon. NVE sine berekningar er eit gjennomsnitt av alle timar i ein månad. Dersom du har brukt mykje straum i timar der kraftprisen har vore høgare enn NVE sin snittpris vil du få ein høgare snittpris på din faktura.

      Det er med andre ord spotprisen i ditt prisområde som avgjer om du får støtte, og ikkje den enkelte si straumavtale eller forbruk. Dette vert rekna ut og ordna av nettselskapa, og du treng ikkje gjere noko.

      I Norge har vi fem ulike prisområder for straum. Tilbakebetalinga vil avhenge av den gjennomsnittelege månadlege spotprisen i det prisområdet du tilhøyrer. Taket for kompensasjon er 5 000 kWt per månad. Kompensasjonen vert rekna ut av nettselskapet ditt, og kjem som fråtrekk på straumrekninga di for desember, som vert fakturert i januar, og vil vare til og med mars 2022.

      NVE har samla all relevant informasjon, eksempel, spørsmål og svar på sine heimeside som absolutt er verdt å ta ein kikk på.Les meir på NVE.

      Støttesatsane for desember er no klare. Du finn satsane for alle prisområder her.

    • Kvar finn eg forbruket mitt?
    • Last ned appen vår, eller logg deg inn på Mi side. Der får du god oversikt over straumforbruket ditt.


      Dersom du var kunde hos TAFJORD, SFE, Tussa eller Sognekraft då vi blei Wattn, har vi sørga for å flytte over forbrukshistorikk 3 år tilbake i tid. Har du behov for forbruksdata enda lenger tilbake i tid kan du ta kontakt med oss så hjelper vi deg med det.

    • Når startar straumavtala mi opp hos Wattn?
    • Om du ikkje har avtalt noko anna med kundesenteret, vil du etter 2 dagar få straum frå oss i stikkontakta di. Vi sender deg ein stadfesting med oppstartsdato når bestillinga di er behandla og alt er på stell.

    • Kor lastar eg ned appen?
    • Appen vår lastar du enkelt ned frå App Store, eller Google Play. Søk på Wattn så dukker den opp.

    • Eg skal flytte, kva gjer eg?
    • Fyll ut kontaktskjema nedst på denne sida, eller meld flytting direkte i appen, og ta med deg straumen på flyttelasset. Flyttebil må du ordne sjølv, men vi ordnar med alt det praktiske rundt straumavtalen din.

    • Er straumen dykkar fornybar?
    • Dessverre kan ingen straumselskap kontrollere kvar straumen i stikkontakta di kjem frå. I Noreg vert straumen i houvdsak produsert av fornybare kjelder som til dømes vasskraft, vindkraft og solenergi, men den kan også innehalde gasskraft, kullkraft og atomkraft. Det er fordi vi er avhengig av å importere straum frå landa rundt oss.


      Om du ønsker det kan du kjøpe opphavsgaranti på straumen du brukar. Dette er ei tilleggsavtale til den ordinære straumavtalen din. Du betalar eit påslag per kilowatt du brukar, og sikrar dermed at det blir produsert like mykje straum frå fornybare energikjelder som det du brukar. I Wattn kjøper vi opphavsgarantiane våre frå lokale vasskraftverk. Du kan lese meir om opphavsgaranti her..

    • Korleis seier eg opp mitt gamle straumselskap?
    • Det fikser vi for deg! Så sant du ikkje har bindingstid hos den gamle straumleverandøren din, skal det gå kjapt og smidig.

    • Kan eg kjøpe straum frå Wattn uansett kor eg bur?
    • Klart du kan! Vi leverer straum over heile landet. Bestill straumavtale her på nettsida, i appen vår, eller ta kontakt med oss.

    • Kan eg byte straumavtale sjølv?
    • Det kan du! Gå inn på Mi side eller i appen vår, der kan du enkelt endre straumavtale. Om du er usikker på kva avtale som er rett for deg, kan du alltid ta kontakt med oss via chat, e-post eller på telefon.

    • Korleis bli straumkunde?
    • Du blir enkelt straumkunde her på nettsida, i appen vår eller ved å ta kontakt med oss direkte på chat, e-post eller telefon.

    • Kven er Wattn?
    • Det er straumselskapa til TAFJORD (Tafjord Marked), Sogn og Fjordane Energi (SFE Kraft), Tussa (Tussa-24) og Sognekraft (Sognekraft Straum). Altså den delen av konserna som sel straumen. Dei resterande selskapa i dei fire konserna er ikkje omfatta av samarbeidet og vil halde fram som før.

    • Kvifor slår de saman straumselskapa?
    • Vi slår oss saman for å bli endå betre. For å kunne vere ein konkurransedyktig aktør med framtidsretta produkt og tenester for deg, samtidig som vi får eit større fag- og kompetansemiljø. Det å bli stor er ikkje noko mål i seg sjølv, men å bli stor nok til å gjere ting betre, og utvikle oss i riktig retning - det er viktig.

    • Kvifor har de valt nynorsk som målform?
    • Som straumleverandør i ein region der nynorsken står sterkt er det naturleg for oss å velje nynorsk som den målforma vi i hovudsak skal kommuniserer med kundane våre på. Men som landsdekkande straumleverandør kjem vi sjølvsagt til å nytte bokmål der det er naturleg, og mogleg, for oss å gjere det. Du har kanskje til og med lagt merke til at du her på nettsida vår kan velje å lese sidene enten på nynorsk eller bokmål. Vi håper, uavhengig av om du likar nynorsk eller bokmål best, at du får ei fin kundeoppleving når du tek kontakt med oss, eller mottek informasjon vi sender til deg.

    • Kva skjer med straumavtalen min som eg hadde før samanslåing av straumselskapa i TAFJORD, SFE, Tussa og Sognekraft?
    • Den gamle straumavtalen din vert vidareført til Wattn. Avtalen får kanskje nytt namn, men du har same pris og vilkår som du hadde då du gjekk inn avtalen med det gamle straumselskapet.

    • Kven er Wattn?
    • Det er straumselskapa til TAFJORD (Tafjord Marked), Sogn og Fjordane Energi (SFE Kraft), Tussa (Tussa-24) og Sognekraft (Sognekraft Straum). Altså den delen av konserna som sel straumen. Dei resterande selskapa i dei fire konserna er ikkje omfatta av samarbeidet og vil halde fram som før.

    • Kvifor slår de saman straumselskapa?
    • Vi slår oss saman for å bli endå betre. For å kunne vere ein konkurransedyktig aktør med framtidsretta produkt og tenester for deg, samtidig som vi får eit større fag- og kompetansemiljø. Det å bli stor er ikkje noko mål i seg sjølv, men å bli stor nok til å gjere ting betre, og utvikle oss i riktig retning - det er viktig.

    • Kor finn eg informasjon om kompensasjonsordninga for høge straumprisar?
    • Regjeringa si kompensasjonsordning for dei høge straumprisane legg til rette for at privatkundar kan få dekka deler av straumrekninga si. Dersom den gjennomsnittlege straumprisen i ditt prisområde er meir enn 70 øre/kWh (ekskl. mva) i løpet av ein månad, har du rett på kompensasjon. NVE sine berekningar er eit gjennomsnitt av alle timar i ein månad. Dersom du har brukt mykje straum i timar der kraftprisen har vore høgare enn NVE sin snittpris vil du få ein høgare snittpris på din faktura.

      Det er med andre ord spotprisen i ditt prisområde som avgjer om du får støtte, og ikkje den enkelte si straumavtale eller forbruk. Dette vert rekna ut og ordna av nettselskapa, og du treng ikkje gjere noko.

      I Norge har vi fem ulike prisområder for straum. Tilbakebetalinga vil avhenge av den gjennomsnittelege månadlege spotprisen i det prisområdet du tilhøyrer. Taket for kompensasjon er 5 000 kWt per månad. Kompensasjonen vert rekna ut av nettselskapet ditt, og kjem som fråtrekk på straumrekninga di for desember, som vert fakturert i januar, og vil vare til og med mars 2022.

      NVE har samla all relevant informasjon, eksempel, spørsmål og svar på sine heimeside som absolutt er verdt å ta ein kikk på.Les meir på NVE.

      Støttesatsane for desember er no klare. Du finn satsane for alle prisområder her.

    • Kva går den nye eFaktura-løysinga ut på?
    • Den nye løysinga gjer det enklare for deg å motta eFaktura. Når du gir ein generell aksept for eFaktura i nettbanken din eller i betalingsappen din vil du automatisk motta eFaktura frå alle som tilbyr dette. Løysinga vel automatisk juridisk eigar som mottakar av alle eFaktura.

      Tenesta vert omtalt litt forskjellig i dei ulike nettbankane/betalingsappane. Eksempel på dette er "Alltid eFaktura", "eFaktura frå alle" eller "Ja takk til alle".

      Dersom du ikkje allereie har gitt denne generelle aksepten på eFaktura anbefaler vi å gjere det snarast råd for å unngå å miste dei eFaktura-avtalene du allereie har oppretta.

      Dette er ikkje ei ordning som er knytt direkte til oss som straumselskap, men gjeld eFaktura generelt. Les meir om endringa her.

    • Kva er elektronisk fakturering?
    • Elektronisk fakturering vil sei at du får fakturaen din enten via eFaktura i nettbanken din, eller tilsendt på e-post eller SMS frå oss. Fordelen med elektronisk fakturering er at du slepp ekstra gebyr for papirfaktura. Kombinerer du elektronisk mottak av faktura med AvtaleGiro kan du berre lene deg tilbake å la betalinga gå av seg sjølv. Enkelt for deg, og bra for miljøet!

    • Kva er Wattn sitt kontonummer?
    • Kontonummeret til Wattn er: 6079.06.30818

    • Eg har betalt ein faktura to gongar, kva gjer eg?
    • Om dette skjer rett etter forfall, betalar vi det eine beløpet tilbake til deg. Skjer det nær neste forfall, går det du har betalt for mykje til fråtrekk på neste faktura.

    • Kvifor står fakturaen min som ubetalt, når den er betalt?
    • Det kan ta litt tid frå fakturaen er betalt, til det viser på Mi side eller i appen. Dersom det viser ubetalt faktura ei veke etter du betalte, så kan du gjerne kontakte oss, så ser vi på det saman.

    • Kor ofte får eg faktura?
    • Dersom ikkje anna er avtalt, får du fakturaen din tilsendt kvar månad på den måten du ønsker. Vi anbefaler å opprette både eFaktura og AvtaleGiro i banken din, då går det av seg sjølv.

    • Kan eg utsette eller dele opp fakturaen min?
    • Ta kontakt med oss så ser vi saman på ei mogleg løysing for å utsette, eller dele opp fakturaen.

    • Korleis opprettar eg eFaktura og AvtaleGiro?
    • Har du nettbank, kan du enkelt opprette eFaktura og AvtaleGiro. Dette er avtaler mellom deg og banken din.

      For å opprette eFaktura, treng du eFaktura-referansen. Den finn du på framsida av fakturaen din. Når du har oppretta eFaktura vil du motta ei varsling frå banken når ein ny faktura ligg klar til betaling i nettbanken. Du må logge inn i nettbanken for å godkjenne fakturaen som ligg til forfall.


      AvtaleGiro opprettar du i nettbanken, eller ved å kontakte banken din. Med AvtaleGiro sørger banken for at fakturaen blir betalt ved automatisk trekk frå kontoen din ved forfall. Då slepp du sjølv å logge inn for å godkjenne betalinga.


      Det enklaste for deg som kunde er å opprette eFaktura kombinert med AvtaleGiro. Då kan du berre å lene deg tilbake å la betalinga gå automatisk utan å måtte løfte ein finger.

    • Kvar kan eg finne fakturaene mine?
    • Last ned appen vår, eller logg deg inn på Mi side. Der finn du oversikt over fakturaene dine.

      Dersom du var kunde hos TAFJORD, SFE, Tussa eller Sognekraft då vi blei Wattn, har vi sørga for å flytte over fakturahistorikk 3 år tilbake i tid. Har du behov for faktura-informasjon enda lenger tilbake i tid kan du ta kontakt med oss så hjelper vi deg med det.

    • Vil vi få fakturert straum og nettleige på samme faktura?
    • Dersom du har hatt straum og nettleige på same faktura tidlegare hos TAFJORD, SFE, Tussa eller Sognekraft, vil du få det i Wattn også.

      Per 1. november 2021 har vi gjennomfaktureringsavtalar med 6 forskjellige nettselskap. Det vil seie at enda fleire straumkundar hos oss kan få nettleige og straum samla på fakturaen sin. Du treng ikkje gjere noko sjølv, har vi avtale med nettselskapet der du har målepunkt, skjer dette av seg sjølv.

      Dei 6 nettselskapa vi har avtale med for privatkundar er: Mørenett, Linja, Sygnir, BKK Nett, Elvia (tidl. Hafslund Nett) og Tensio TS.

    • Eg skal flytte ut, men ingen skal flytte inn, kva gjer eg?
    • Gi oss beskjed seinast 3 virkedagar før flyttedato, men helst så snart som mogleg. Vi er tilgjengeleg både på chat, e-post og telefon.

      Merk! Dersom du seier opp straumen er det viktig at huseigar er klar over faren ved avstengt straum, spesielt i vinterhalvåret.

    • Eg har allereie flytta ut, kven skal eg gi beskjed til?
    • Dersom du allereie har flytta ut og har gløymt å seie opp abonnementet i den gamle bustaden din, må du sørge for at huseigar/leigetakar bestiller straum frå den datoen du flytta ut. Då slepp du å betale straum ein plass du ikkje lenger bur. Dei kan melde frå om dette maks 30 arbeidsdagar tilbake i tid.

    • Kan eg ta med meg straumavtalen min når eg flyttar?
    • Så klart! Fyll ut kontaktskjemaet nedst på denne sida, eller ta kontakt med oss, så fiksar vi det for deg.

    • Eg skal flytte, kva gjer eg?
    • Fyll ut kontaktskjema nedst på denne sida, eller meld flytting direkte i appen, og ta med deg straumen på flyttelasset. Flyttebil må du ordne sjølv, men vi ordnar med alt det praktiske rundt straumavtalen din.

    • Kor finn eg informasjon om kompensasjonsordninga for høge straumprisar?
    • Regjeringa si kompensasjonsordning for dei høge straumprisane legg til rette for at privatkundar kan få dekka deler av straumrekninga si. Dersom den gjennomsnittlege straumprisen i ditt prisområde er meir enn 70 øre/kWh (ekskl. mva) i løpet av ein månad, har du rett på kompensasjon. NVE sine berekningar er eit gjennomsnitt av alle timar i ein månad. Dersom du har brukt mykje straum i timar der kraftprisen har vore høgare enn NVE sin snittpris vil du få ein høgare snittpris på din faktura.

      Det er med andre ord spotprisen i ditt prisområde som avgjer om du får støtte, og ikkje den enkelte si straumavtale eller forbruk. Dette vert rekna ut og ordna av nettselskapa, og du treng ikkje gjere noko.

      I Norge har vi fem ulike prisområder for straum. Tilbakebetalinga vil avhenge av den gjennomsnittelege månadlege spotprisen i det prisområdet du tilhøyrer. Taket for kompensasjon er 5 000 kWt per månad. Kompensasjonen vert rekna ut av nettselskapet ditt, og kjem som fråtrekk på straumrekninga di for desember, som vert fakturert i januar, og vil vare til og med mars 2022.

      NVE har samla all relevant informasjon, eksempel, spørsmål og svar på sine heimeside som absolutt er verdt å ta ein kikk på.Les meir på NVE.

      Støttesatsane for desember er no klare. Du finn satsane for alle prisområder her.

    • Kvar finn eg oppdatert spotpris?
    • Du kan sjå oppdatert spotpris i vårt priskart. Her kan du taste inn postnummeret ditt, slik at du får korrekt visning av pris for ditt prisområde.

    • Kvar finn eg forbruket mitt?
    • Last ned appen vår, eller logg deg inn på Mi side. Der får du god oversikt over straumforbruket ditt.


      Dersom du var kunde hos TAFJORD, SFE, Tussa eller Sognekraft då vi blei Wattn, har vi sørga for å flytte over forbrukshistorikk 3 år tilbake i tid. Har du behov for forbruksdata enda lenger tilbake i tid kan du ta kontakt med oss så hjelper vi deg med det.

    • Når startar straumavtala mi opp hos Wattn?
    • Om du ikkje har avtalt noko anna med kundesenteret, vil du etter 2 dagar få straum frå oss i stikkontakta di. Vi sender deg ein stadfesting med oppstartsdato når bestillinga di er behandla og alt er på stell.

    • Kvifor har de så mange ulike straumavtaler?
    • Nokon har store hus, andre små leilegheiter. Nokon har dieselbil, andre har elbil. Poenget er at vi har alle forskjellige behov, og vi ønsker at du skal få den straumavtalen som passar deg, situasjonen din, og forbruket ditt best. Derfor tilbyr vi eit knippe av dei mest vanlege straumavtalane på marknaden.

    • Er straumen dykkar fornybar?
    • Dessverre kan ingen straumselskap kontrollere kvar straumen i stikkontakta di kjem frå. I Noreg vert straumen i houvdsak produsert av fornybare kjelder som til dømes vasskraft, vindkraft og solenergi, men den kan også innehalde gasskraft, kullkraft og atomkraft. Det er fordi vi er avhengig av å importere straum frå landa rundt oss.


      Om du ønsker det kan du kjøpe opphavsgaranti på straumen du brukar. Dette er ei tilleggsavtale til den ordinære straumavtalen din. Du betalar eit påslag per kilowatt du brukar, og sikrar dermed at det blir produsert like mykje straum frå fornybare energikjelder som det du brukar. I Wattn kjøper vi opphavsgarantiane våre frå lokale vasskraftverk. Du kan lese meir om opphavsgaranti her..

    • Kvifor betalar eg påslag?
    • Påslaget består ofte av lovpålagt elsertifikat og avgifter frå staten. Dette gjeld for alle straumselskap. Nokre straumselskap vel å bake påslaget inn i straumprisen, men dei aller fleste har det ved sidan av, som oss.

    • Kan eg slå saman straumavtalene mine i Wattn?
    • Har du fleire målarar enn huset ditt, som t.d. hytte eller fritidsbustad, kan du samle straumavtale dine hos oss og få alt på same faktura. Vi tilbyr gjennomfakturering med enda fleire nettselskap enn før, dvs. at det er stor sjanse for at du også kan få nettleige på fleire målarar med på fakturaen frå oss. Oversiktleg og greit.

    • Korleis veit eg kva straumavtale som er rett for meg?
    • Det som avgjer kva straumavtale som passar best for deg handlar mykje om kva forbruk du har. Her skal du få eit lite lynkurs.

      Fastpris - Den avtalen som er best for dei som ønsker ein forutsigbar pris heile året, sommar som vinter.

      Variabel - Passar gjerne for dei som har lite forbruk, og likar ein forutsigbar pris utan å binde seg.

      Spot - Følger straumprisen time for time med både topper og bølgedaler, og er den mest populær avtalen. Det er også denne avtalen som løner seg mest over tid.

      Er du framleis usikker må du gjerne ta kontakt med oss for ein prat. Det synest vi er veldig trivelig.

    • Korleis seier eg opp mitt gamle straumselskap?
    • Det fikser vi for deg! Så sant du ikkje har bindingstid hos den gamle straumleverandøren din, skal det gå kjapt og smidig.

    • Kan eg kjøpe straum frå Wattn uansett kor eg bur?
    • Klart du kan! Vi leverer straum over heile landet. Bestill straumavtale her på nettsida, i appen vår, eller ta kontakt med oss.

    • Kan eg byte straumavtale sjølv?
    • Det kan du! Gå inn på Mi side eller i appen vår, der kan du enkelt endre straumavtale. Om du er usikker på kva avtale som er rett for deg, kan du alltid ta kontakt med oss via chat, e-post eller på telefon.

    • Korleis bli straumkunde?
    • Du blir enkelt straumkunde her på nettsida, i appen vår eller ved å ta kontakt med oss direkte på chat, e-post eller telefon.

    • Fungerar appen med utanlandsk telefon?
    • Ja, bare husk å legge inn landkode med "+" foran.

    • Eg finn ikkje bedriftsavtalen min i appen, kvifor?
    • Du kan foreløpig kun sjå privatavtalane dine i appen. For å sjå informasjon om bedrifta di, kan du logge inn på den nye bedriftsportalen vår. Les meir om bedriftportalen på bedriftssidene våre eller direkte her.

    • Kan eg skjule fotavtrykket frå appen?
    • Det vert jobba med moglegheita for å skjule denne tenesta.

    • Eg har endra straumavtale, når viser dette i appen?
    • Det skal vise innan eit døgn.

    • Kan eg sjå nettleige i appen?
    • Nettleiga vert endra ved årskiftet 21/22, og vi jobbar for å få inn både prisar og varsling i appen.

    • Korleis blir prisen under prognose/straumkostnad rekna ut?
    • Det er spotpris frå NordPool per time inkl. ditt påslag + mva og elsertifikat.

    • Eg har fleire bustadar, kan eg sjå alle straumavtalene i appen?
    • Du vil få opp ein nedtrekksmeny når du loggar inn i appen, her velg du den bustaden du vil sjå informasjon om. Når du har logga inn i appen kan du byte mellom bustadane dine ved å trykke på adressa di oppe til venstre. Det er kun privatavtalane dine som vil vise i appen.

    • Kan fleire logge seg inn i appen samtidig?
    • Ja, fleire kan laste ned og logge seg inn i appen, men det er kun det mobilnummeret som er registrert på straumavtalen som kan brukast til pålogging. Ein eingongskode vert sendt til det registrert mobilnummeret, og varer i inntil 30 dagar. Det vert jobba med å legge til fleire mobilnummer.

    • Kan eg legge til andre i appen?
    • Nei, det kan du dessverre ikkje per no. Dette er noko vi jobbar med for å få på plass.

    • Korleis loggar eg inn i appen?
    • Du loggar enkelt inn i appen med mobilnummeret du har registrert hos oss. Klikk på logg inn og legg inn mobilnummeret ditt. Du vil få tilsendt ei kode på SMS som du nyttar for å logge inn. Du kan vere innlogga i 30 dagar, då blir du automatisk logga ut og må få tilsendt ny kode. Har du ikkje registrert mobilnummeret ditt hos oss, eller har problem med å logge inn, kan du ta kontakt så hjelper vi deg.

    • Kor lastar eg ned appen?
    • Appen vår lastar du enkelt ned frå App Store, eller Google Play. Søk på Wattn så dukker den opp.

    • Korleis loggar inn på Mi side?
    • Du loggar enkelt inn på Mi side med mobilnummeret du har registrert hos oss. Klikk på logg inn og legg inn mobilnummeret ditt. Du vil få tilsendt ei kode på SMS som du nyttar for å logge inn. Du kan vere innlogga i 30 dagar, då blir du automatisk logga ut og må få tilsendt ny kode. Har du ikkje registrert mobilnummeret ditt hos oss, eller har problem med å logge inn, kan du ta kontakt så hjelper vi deg.

    • Kva informasjon finn eg på Mi side?
    • På Mi side finn du informasjon om straumforbruket ditt, straumavtale, faktura m.m. Du kan også enkelt endre kontaktinformasjon og straumavtale.

    • Kvifor må jeg ha eit WattMeter når jeg nyleg fekk ein heilt ny AMS målar?
    • Utrulling av AMS-målarar har gitt dei fleste straumkundane i Norge ein straummålar som registrerar og sender data automatisk. Desse dataene vert sendt til den nasjonale databasen for måleverdiar, Elhub. Men på vegen dit er det først netteigar som tek imot verdiane. Dei kjører ein nattleg validering og estimering av verdiane, og ser det OK ut vil dei bli sendt til Elhub slik at alle straumleverandørar har tilgong til desse det påfølgande døgnet. Vi har derfor tilgong til målerdata med ein forsinkelse på ca. 24 timar fra Elhub, og det er desse vi og alle andre viser i appen.

      Når det gjelder sanntidsdata er det ikkje etablert noko nasjonal database som kan ta imot denne straumen kontinuerlig, og vi har heller ikkje tilgang til slike data direkte frå straummålaren din desverre. Sanntidsdata er også ein datastraum med verdiar kvart 2-10 sek, og dette er store datamengder som gir kostnadar og å lagre. Det som lagres i Elhub er "bare" 24 timeverdiar kvart døgn og er betydelig mindre enn sanntidsdata.

      WattMeteret sender oss denne datastraumen av kontinuerlige verdier direkte til vår skyløsning, slik at vi kan lagre, hente og vise dataene for eit mindre tidsrom tilbake i tid. Det er derfor du må ha eit WattMeter for å sjå sanntidsforbruket ditt.

    • Kvifor ser eg ikkje sanntidsdata i appen?
    • Sanntidsdata viser øvst til venstre på startsida i appen. Sjekkliste dersom data ikkje viser i appen:

      1. Har du åpna HAN-porten hos nettselskapet ditt? Du trenger ikkje alltid ringe i kontortiden for dette, mange nettselskaper tilbyr elektroniske skjema for opning. Sjå meir her: wattn.no/hanport
      2. Har wattmeter stått i minst 10 minutt og over natta? Dette må gjeres slik at nattleg synkronisering mot målarnummeret ditt blir utført.
      3. Lys ved oppkobling: Wattmeteret skal ikkje lyse ved vanleg drift.
        1. Blinkande gult: ladar opp
        2. Blinkande raudt: forsøker å kople på nett
        3. Blinkande blått, kan då ha for lite straum, kople til USB-ladar
        4. Lyser grønt: klarte å kople seg opp på nett
        5. Lys av: er på nett
      4. Har du Telenor dekning der WattMeteret står? Wattmeteret bør ikkje koples opp på innsida av sikringsskapet, men strekkast med ledningen til utsida av skapet slik at metallet i sikringsskapet ikkje skapar dårlig dekning. Den flate kabelen kan ofte strekkast ut av hjørnet på døra eller lignande.
      5. Du må også ha 4G-dekning med Telenor LTE der wattmeteret står, det er ikkje nok med taledekning, det må vere 4G datatrafikk)
        1. Mogleg løysing: Bruk ein vanleg nettverkskabel og flytt Wattmeteret til ein plass med bedre dekning
      6. Gir ikkje straummålaren nok straum til wattmeteret? Dette kan sjå ut til å vere tilfelle hos nokre Kamstrup-målarar.
        1. Mogleg løysing: Kople til ein Micro-usb ladar til Wattmeteret. Om du har dette, anbefalar vi dette uansett.
      7. Om du framleis ikkje har kontakt, kan du prøve å resette Wattmeteret ved å trykke inn den lisje knappen med ein penn i minst 5 sekund til led-lyset på framsida blir grønt.
      8. Dersom det framleis ikkje er ei løysing, kan ein siste utveg vere å prøve å slå av hovedbrytaren, vente nokre minutter og slå den på igjen. Det har vist seg at HAN-porten kommuniserer bedre etter restart av AMS-målaren i enkelte tilfeller.
      9. Siste punkt vil være å sjekke med netteigar at HAN-porten faktisk har blitt opna eller om det kan ha skjedd en misforståelse, eller at det er problem med AMS-målaren.

        Dersom du har prøvd alle desse punkta og framleis ikkje lykkast, ta kontakt med oss, slik at vi kan vurdere om du bør bytte til ein annan type WattMeter.


    • Kan WattMeter brukast med ulike "smarte heimar"?
    • Dessverre fungerer ikkje dette i dag, men vi jobber for å få på plass ei løysing for dette.

    • Kvifor kjem det inn prisar/verdiar i appen, sjøl om WattMeter ikkje er tilkopla?
    • Utan WattMeter er det estimerte prisar og verdiar som ligg i appen.

    • Kor lang tid går det frå eg set på/i eit apparat til eg ser det i appen?
    • Det tar om lag 10-20 sekunder.

    • Kor ofte blir det sendt data med WattMeter?
    • Det vert sendt inn data kvart 10 sekund, heile døgnet.

    • Eg har sanntidsmålar frå ein annan leverandør, kan denne koblast til appen til Wattn?
    • Desverre kan du for augeblikket ikkje nytte andre sanntidsmålarar i vår app.

    • Kva skjer om eg seier opp straumavtala mi?
    • Utan ei straumavtale er det begrensa informasjon vi kan tilby deg i appen dessverre, men WattMeteret er ditt, så det beheld du.

    • Kan WattMeter flyttast fram og tilbake mellom f.eks bustad og hytte?
    • Ja, det kan du.

    • Kvifor må eg betale for WattMeter?
    • WattMeter er ei tilleggsteneste som gir deg sanntidsdata på straumen din. Engangskostnad dekker sjølve WattMeteret og månedskostnader er knytt til å hente, lagre, vise og behandle disse dataene i våre skyløsningar.

      Vi har valgt å bruke 4G då dette gir oss førehandsprogrammerte WattMeter. Oppkobling av wifi har også sine ulemper, da det er potensielt vanskelig å koble dette opp via PC eller app, og det er også slik at de som har mesh-nettverk hjemme kan få problemer da wifi støtter bare 2,4 GHz nettverk og mesh ofte veksler mellom 2,4 og 5 GHz.

      Har du ikkje 4G dekning, kan vi tilby wifi tilkopling, men prisen vil vere den same. Det er kostnadar i skyløsningane våre og behandling av data som utløyser månadskostnaden, ikkje kostnadar knytt til 4G/wifi.

    • Kor lang leveringstid er det på WattMeter?
    • Det tek omtrent 3-7 dagar frå du bestiller til du har det i postkassa di.

    • Kor lang tid tar det før Smart lading er aktivert?
    • Det tar omlag eit døgn.

    • Ulike feilmeldingar ved Smart lading
    • Ladar må pluggast inn: Ladaren må settast i, eller har ikkje straum. Har du smart ladar frå før, kan bilen tolke det som om ladaren ikkje er i.

      Bilen treng ikkje lading:
      Då er batteriet mest sannsynleg tilnærma fullt.

      Bilen sin lokasjon er ikkje tilgjengeleg:
      Bilen sin GPS-posisjon må bli gjort tilgjengeleg entan i appen eller bilen. Dersom du svarte "nei" på å dele posisjonen din då du registrerte deg, må du bare endre dette.

      Bilen er lada nok:
      Smart lading startar ikkje dersom batteriet er tilnærma fulllada.

      Usikker batterikapasitet:
      Får ikkje ladestatus tilbake frå bilen.

      Vil ikkje nå 100 % om lading vert flytta smart:
      Då ladar bilen no. Dette kan skje fordi det ikkje er tilstrekkeleg med billege timar for lading, eller at billegast time er akkurat nå.

      Fleire brukarar har logga inn med bilen:
      Om fleire er pålogget appen med same brukarnamn/passord til bilen kan dette oppstå. Det skal normalt fungere, men ein kan oppleve synkroniseringsproblem når ein koplar seg på og ein koplar seg av Smart lading.

      Bilen er ikkje kapabel for Smart lading:
      Vi får ikkje tak i alle data som trengs for Smart lading. Normalt er det snakk om batteristatus og resterande ladetid. Kan skyldast at bilen ikkje oppfattar at ladaren er plugga i.

      Straumprisar ikkje tilgjengeleg:
      Det kan dreie seg om at ein ikkje finn prisane eller GPS-posisjonen, eller at det ikkje vert registrert kva prisområde bilen er i.

    • Må eg ha internett i garasja for å bruke Smart lading?
    • Nei, Smart lading kommuniserer direkte med bilen uavhengig av kor denne befinner seg. Men husk å aktiver lokasjon av bilen slik at Smart lading klarer å ta høgde for kva prisområde ladinga finn stad.

    • Kva bilmerker støttar Smart lading i dag?
    • Tesla, Audi, BMW, Volkswagen (ikkje ID3 og ID4), Volvo, Peugeot, Jaguar, Renault, Skoda, Porsche og Mini.

      Desse kjem snart: Seat, Honda, Hyundai og Kia.

    • Kva er leveringstida på DEFA-ladaren?
    • Denne ladaren er lagervare med DEFA, og den kan derfor leverast så fort avklaring rundt installasjon lokalt er gjort.

    • Får eg ladaren i posten?
    • Nei, montøren tek med ladaren og utstyret frå DEFA ved installasjon.

    • Følger Smart lading med når en kjøper elbillader med Wattn?
    • Ja, Smart lading er inkludert når du kjøper DEFA elbillader.

    • Kan alle bilar kople seg til DEFA eRange IQ?
    • Ja, men det er forskjellige løysingar ift kabler. Dei fleste velger ladar med type 2 kabel. Har ein f. eks ein eldre Nissan Leaf eller Kia, så brukar desse type 1. I eit slikt tilfelle må ein ha ein overgong frå type 2 til type 1, eller bestille ladar utan kabel og bruke sin eigen.