Wattn bedrift kundehistorie more trafo1

Kundehistoriar

Møre Trafo - Straumeksperten

Møre Trafo lever av å omforme straum og har stålkontroll på sitt eige straumforbruk.

Med stadig meir elektrifisering av Norge blir det stadig meir etterspørsel etter produkta til bedrifta i Sykkylven. Mellom anna fleire batteriferjer gir meir arbeid for Møre Trafo. Dei produserer transformatorstasjonar som gjer om høgspenten til spenning som passar til huset ditt – eller ladetårna på ferjekaiene.

Dei fleste nordiske elektrisitetsverk har nettstasjonar og transformatorar frå Møre Trafo, og rundt i Norge kan du sjå dei små «husa» frå Sykkylven i by og bygd over det ganske land. Den omfattande produksjonen krev store mengder straum til mellom anna tørking og oppvarming av materialar og delar, til kompressorar og maskinar og ikkje minst til oppvarming av 15.000 kvadratmeter fabrikk.

Teknisk sjef ved Møre Trafo, Fred Anton Alvestad, fortel at dei over mange år har jobba aktivt med å kutte straumforbruket. Ventilasjon blir tidsstyrt med automatikk. Nye vindauge med betre isolering har også gitt gevinst. No ventar dei det same resultatet frå nytt tak. Og når nye kvadratmeter fabrikk i nær framtid skal leggast til anlegget, så blir det sjølvsagt berekraftig oppvarming.

Wattn bedrift kundehistorie more trafo(4)
Fred Anton Alvestad seier produkta Møre Trafo lagar er positive for miljøet. Difor ønskjer dei også å ha ein profil der sjølve bedrifta er grøn, mellom anna med lavare straumforbruk.



Oversiktleg og lett tilgjengeleg
I arbeidet med å kontrollere straumforbruket vert Bedriftsportalen til Wattn brukt aktivt. Alvestad fortel han bruker data frå Bedriftsportalen til mellom anna rapportering.

- Før måtte vi lese av målarar og sette inn i rekneark. Det slepp vi no. Alt ligg i portalen der vi ser både kor mykje vi har brukt og prisen for ulike tidspunkt. Det er oversiktleg og lett tilgjengeleg, og gjer det enkelt å rapportere vidare til leiing og styre.


Eit anna område der Bedriftsportalen kjem til nytte er til å vurdere mulegheiter og kapasitet.

- Automatisering og nye maskinar gjer at vi kan produsere meir i forhold til kor mykje energi vi bruker, men vi kjem ikkje unna at nye og fleire maskinar treng meir energi, og før vi kan ta steget med nye maskinar, må vi vite om vi har nok kapasitet. Det finn vi ut gjennom portalen.


Bevisstgjerande

Fred Anton Alvestad seier produkta Møre Trafo lagar er positive for miljøet. Difor ønskjer dei også å ha ein profil der sjølve bedrifta er grøn, mellom anna med lavare straumforbruk. For å oppnå det, bruker han Bedriftsportalen kvar dag og seier han også ser på forbruket time for time.

- Vi kan sjå om det er noko feil dersom vi får uvanlege utslag, og vi ser også på forbruket og vurderer opp mot Nord Pool-prisane, om vi kan greie å skru av litt ekstra når prisane er høge. Bedriftsportalen er bevisstgjerande, absolutt.

Wattn-bedrift-KAM-Trond

Trond André Hagen

Teknisk KAM i Wattn

40 41 07 60trond.hagen@wattn.no