Kundehistoriar
Mittet - Keeper i kraftkonkurranse
Mittet i Sula sørger for at du sit behageleg i både kontorstolen og godstolen. I bedrifta på Eidsneset i Sula blir det pressa og puffa mjukt og fluffy polyesterfiber til bruk i alt frå malarrullar og jakkefor til madrassar. Og både maskineri, ventilasjon og bygg krev sitt av energi.
Odd Hatløy har som tidlegare keeper og no keeperutviklar i AaFK Fortuna eit velutvikla konkurranseinstinkt. I arbeidstida bruker han det som ansvarleg for bygg og ventilasjon hos Mittet.
- Eg loggar meg på Bedriftsportalen til Wattn kvar dag og rett og slett konkurrerer med meg sjølv. Målet er å kutte energiforbruk og kostnader.
Avverga kostbar og langvarig feil
Hatløy fortel at bedrifta bruker varmepumpe til oppvarming og el-kjel til å ta toppane. Når kjelen slår inn, så får han varsel på e-post.
-Då kan eg følgje med om den slår seg inn på rett tidspunkt i forhold til slikt som aktivitet i fabrikken og utetemperatur. Tidlegare i år gjorde dette varselet at vi oppdaga feil på varmepumpa og fekk avverga unødvendig og langvarig bruk av dyr oppvarming med el-kjelen.
Hatløy bruker også Bedriftsportalen til å jamleg samanlikne forbruket med tidlegare år.
- Med portalen får vi fakta på bordet – eller rettare sagt på skjermen - til å vurdere tiltak og sjå effektane av dei. Det blir ikkje lenger berre synsing. Vi har mellom anna begynt med nattsenking av temperaturen, og får tilbakemelding svart på kvitt om lavare forbruk og kostnader.
Sanntidsmåling til overvaking og optimalisering
Det siste som Mittet og Odd Hatløy har teke i bruk er sanntidsmåling.
- Vi har fått det på elkjelen og det fungerer så fint at vi no vurderer å få det på fleire einingar. Eg er ein som liker å følgje med og konkurrere med meg sjølv, men vi ser også at det å få desse målingane er med på å bevisstgjere oss alle og sette straumsparing på agendaen.
Hatløy seier at med dashbordet på Bedriftsportalen så er det svært enkelt å få data opp på skjermen.
- Og når det er så enkelt, så blir tala brukt i det daglege til å overvake og utnytte systema vi har på best muleg måte til å kutte straumbruk og straumrekning.
I Bedriftsportalen kan du
Sanntidmåling i Bedriftsportalen
Sanntidsmåling med effektvarsling er ei av tenestene du kan sjå i Bedriftsportalen. Les meir om kva Bedriftsportalen kan gi di bedrift av informasjon om straumforbruket.
Les meir
Andre kunder sine erfaringer med bedriftsportalen
Møre Trafo - Straumeksperten
Kundehistoriar
DSM Firmenich - Full energioversikt i lomma
Kundehistoriar