Wattn bedrift kundehistorie DSM Firmenich 2

Kundehistoriar

DSM Firmenich - Full energioversikt i lomma

Internasjonale eigarar og internasjonale kundar ser DSM Firmenich i korta når det gjeld energiforbruk og vil ha raske svar – og no er svara berre nokre tastetrykk unna.

Hos DSM Firmenich er sjølve forretningsideen bygd på berekraft. Heile fisken skal takast i bruk og ingenting skal gå til spille. Restråstoff som hovud, rygg og buk vert gjort om til smaksingrediensar i internasjonal matvareindustri. DSM Firmenich på Ellingsøya lagar pulver og pasta som du finn igjen for eksempel i fiskesuppe. Men det er energikrevande å spalte restråstoffet til dels heilt ned til molekylnivå. Det trengst mykje energi til steam og til varmluft, til prosessutstyr og fabrikk.

Grøn rekneskap
På det meste brukte fabrikken på Ellingsøya ti gigawatt-timar i året. No er dei nede i sju - samtidig som dei produserer meir enn før.

Finanssjef Gunnar Hatlebakk seier at i hans arbeidskvardag så handlar det ikkje berre om den klassiske økonomiske rekneskapen lenger, men også om den grøne rekneskapen. - Vi har følgd nøye med og jobba godt med å kutte energiforbruket i mange år.

Gir enkel og rask rapportering

Reknestykket handlar no om meir enn kroner og øre. Eigarar og kundar etterspør berekraft. Fabrikken har grøne sertifikat som sikrar rein energi, dei har hatt fokus på forbruk i mange år og jobba godt saman med mellom anna Enova med utvikling og investeringar som har gitt utteljing i form av meir energieffektiv produksjon.

Og som ein aktør i ein internasjonal marknad og med internasjonale eigarar, så blir det forventa at ein kan dokumentere og rapportere også når det gjeld energibruk.

- Eg skal rapportere med berre ei vekes frist etter månadsavslutning. For å greie det, så må eg ha rask tilgang også til oppdaterte tal for energiforbruk sidan det er ein stor kostnadsdrivar.

Wattn bedrift kundehistorie DSM Firmenich (3)
Før var rapportering av straumforbruk ein storjobb med manuell registrering og samanstilling. No seier Gunnar Hatlebakk han raskt og enkelt får oversikt og kan innfri krav om rapport med berre ei vekes frist etter månadsavslutning.


Før var det ein storjobb med manuell registrering og samanstilling. No er det berre få tastetrykk unna, på mobilen i lomma.

- Bedriftsportalen til Wattn gir god oversikt over forbruket slik at eg raskt ser kva som har vore brukt kvar månad. Slik kan både eg, eigarane og andre interessentar ha fortløpande oversikt over forbruk og kostnader.


Bevisstgjerande
Om Gunnar Hatlebakk skal rapportere forbruk berre ein gong i månaden, så loggar han seg likevel på Bedriftsportalen frå Wattn kvar veke. - Det har vorte eit viktig bevisstgjeringsverktøy som hjelper oss til å tenke energisparing.