Aktuelt
Skreddarsy di eiga framside i appen
Finn og legg til favorittane dine
Når appen er oppdatert med den nye favoritt-funksjonen vil framsida di vere «tom». For å finne favorittane dine trykker du på «legg til favorittar».
Så er det bare å begynne å velge dei favorittane du vil skal vise på framsida i appen. Ved å trykke på + oppe i hjørnet på dei ulike funksjonane vil dei automatisk legge seg til på framsida di. Du kan legge til og fjerne favorittar akkurat som du sjølv ønsker.
Når du har lagt til dei favorittane du vil ha, trykker du deg tilbake til framsida.
Voilà - di eiga skreddarsydde framside!
Automagisk oppdatering
Appen skal bli oppdatert automatisk, men får du ikkje opp den nye framsida kan det hjelpe å logge ut av appen og logge inn på nytt. Fungera det fortsatt ikkje, kan det vere at du må avinstallere appen og installere den på nytt.