Vi er her for å hjelpe deg

Send inn kontaktskjema

Snakk med våre rådgjevarar:

Margrete Heltne Hovde 72dpi

Margrete Heltne Hovde

Seniorrådgivar kraftmarked i Wattn

70 10 20 14
Trond Andre Hagen 72dpi

Trond André Hagen

Teknisk KAM

70 10 20 16
Lasse Refsdal 72dpi

Lasse Refsdal

Prosjektleiar fleksibilitet

70 10 20 13
Camilla Kristin Jensholm 72dpi

Camilla Kristin Jensholm

Bedriftsrådgiver

70 10 20 18
Marius Hauge 72dpi

Marius Løseth Hauge

KAM

70 10 20 15
0317 wattn tone molnes 2022 TMO3737 min

Steinar Brekke

Seniorrådgiver bedrift

70 10 20 17
David Jørgensen 72dpi

David Jørgensen

Bedriftsrådgiver SMB

70 10 20 11
Camilla Blom 72dpi

Camilla Blom

Leiar Bedriftsmarknad

41 59 77 05
    • Tilbyr Wattn fakturakontroll/energirevisjon?
    • Ja, det gjer vi. Fakturakontroll eller energirevisjon er ein gjennomgang av straumrekninga for å sjekke om nettleiga er fakturert rett i forhold til gjeldande prisar og tariffar. Dette er ei teneste vi tilbyr alle kundane våre gratis.

    • Korleis finn eg forbruket til bedrifta mi?
    • Ved å logge deg inn på Bedriftsportalen her på nettsida vår, finn du oversikt over straumforbruket til bedrifta di. Har du ikkje fått tilgong til Bedriftsportalen er det berre å kontakte oss så ordnar vi det.

    • Kan Wattn tilby gjennomfakturering av nettleige?
    • Dersom bedrifta di har hatt straum og nettleige på same faktura hos Tafjord, SFE, Tussa eller Sognekraft vil du få dette i Wattn også. Per 1. november 2021 har vi avtale om gjennomfakturering med 4 ulike nettselskap. Det vil seie at endå fleire straumkundar hos oss kan få nettleige og straum samla på fakturaen sin. Du treng ikkje gjere noko sjølv, dette skjer automatisk. Dei 4 nettselskapa vi har avtale med for bedriftskundar er Mørenett, Linja, Sygnir og BKK Nett.

    • Kven får vi faktura frå?
    • Frå november av vil du få faktura frå Wattn. Avtalar om EHF, eFaktura, e-postfaktura og AvtaleGiro vert vidareført automatisk.

    • Er de konkurransedyktige på pris?
    • Vi er absolutt konkurransedyktige på pris. Ta kontakt med ein av dei dyktige rådgivarane våre, så hjelper vi deg med å finne den avtalen som er perfekt for bedrifta di.

    • Korleis blir vi bedriftskunde i Wattn?
    • Alle bedrifter er velkomne til å bli kunde i Wattn. Du kan enten sjekke ut straumavtalane våre her, eller ta kontakt med ein av rådgivarane våre for å finne ut kva avtale som passar best til bedrifta di.

    • Tilbyr Wattn EHF-faktura for bedrifter?
    • Ja, alle bedrifter som er registrert i ELMA registeret kan opprette EHF-faktura. Les meir om EHF-faktura her!

    • Er straumen dykkar fornybar?
    • Dessverre kan ingen straumselskap kontrollere kvar straumen i stikkontakta di kjem frå. I Noreg vert straumen i houvdsak produsert av fornybare kjelder som til dømes vasskraft, vindkraft og solenergi, men den kan også innehalde gasskraft, kullkraft og atomkraft. Det er fordi vi er avhengig av å importere straum frå landa rundt oss.


      Om du ønsker det kan du kjøpe opphavsgaranti på straumen bedrifta di brukar. Dette er ei tilleggsavtale til den ordinære straumavtalen til bedrifta. Du betalar eit påslag per kilowatt, og sikrar dermed at det blir produsert like mykje straum frå fornybare energikjelder som det bedrifta brukar. I Wattn kjøper vi opphavsgarantiane våre frå lokale vasskraftverk. Du kan lese meir om opphavsgaranti her...

    • Korleis byttar eg straumleverandør til Wattn?
    • Dette fiksar vi for deg! Dersom du ikkje har bindingstid hos den gamle straumleverandøren ordnar vi dette i løpet av eit par dagar.

    • Kven er Wattn?
    • Det er straumselskapa til TAFJORD (Tafjord Marked), Sogn og Fjordane Energi (SFE Kraft), Tussa (Tussa-24) og Sognekraft (Sognekraft Straum). Altså den delen av konserna som sel straumen. Dei resterande selskapa i dei fire konserna er ikkje omfatta av samarbeidet og vil halde fram som før.

    • Kvifor slår de saman straumselskapa?
    • Vi slår oss saman for å bli endå betre. For å kunne vere ein konkurransedyktig aktør med framtidsretta produkt og tenester for deg, samtidig som vi får eit større fag- og kompetansemiljø. Det å bli stor er ikkje noko mål i seg sjølv, men å bli stor nok til å gjere ting betre, og utvikle oss i riktig retning - det er viktig.

    • Kvifor har de valt nynorsk som målform?
    • Som straumleverandør i ein region der nynorsken står sterkt er det naturleg for oss å velje nynorsk som den målforma vi i hovudsak skal kommuniserer med kundane våre på. Men som landsdekkande straumleverandør kjem vi sjølvsagt til å nytte bokmål der det er naturleg, og mogleg, for oss å gjere det. Du har kanskje til og med lagt merke til at du her på nettsida vår kan velje å lese sidene enten på nynorsk eller bokmål. Vi håper, uavhengig av om du likar nynorsk eller bokmål best, at du får ei fin kundeoppleving når du tek kontakt med oss, eller mottek informasjon vi sender til deg.

    • Kva er EnergiArena?
    • EnergiArena er eit av bidraga våre til miljøet og til meir lønsame betingelsar for kundane våre. Vårt mål er kostnadsfokus på kundane våre sine vegne, og eit berekraftig energiforbruk.

    • Kven er Wattn?
    • Det er straumselskapa til TAFJORD (Tafjord Marked), Sogn og Fjordane Energi (SFE Kraft), Tussa (Tussa-24) og Sognekraft (Sognekraft Straum). Altså den delen av konserna som sel straumen. Dei resterande selskapa i dei fire konserna er ikkje omfatta av samarbeidet og vil halde fram som før.

    • Kvifor slår de saman straumselskapa?
    • Vi slår oss saman for å bli endå betre. For å kunne vere ein konkurransedyktig aktør med framtidsretta produkt og tenester for deg, samtidig som vi får eit større fag- og kompetansemiljø. Det å bli stor er ikkje noko mål i seg sjølv, men å bli stor nok til å gjere ting betre, og utvikle oss i riktig retning - det er viktig.

    • Korleis kan eg betale faktura frå utanlandsk bank?
    • Når du skal betale frå utlandet, treng du IBAN og BIC/Swift nummer.

      IBAN (International Bank Account Number) er ein internasjonal standard for kontonummer, og BIC/Swift (Bank Identifier Code) identifiserar banken.

      For å betale faktura frå utanlandsk bank, har Wattn AS følgjande kodar:

      Bank: Nordea Bank AS
      Elektronisk IBAN-kontonummer: NO5560790630818
      BIC/Swift: NDEANOKK

    • Kva går den nye eFaktura-løysinga ut på?
    • Den nye løysinga gjer det enklare for deg å motta eFaktura. Når du gir ein generell aksept for eFaktura i nettbanken din eller i betalingsappen din vil du automatisk motta eFaktura frå alle som tilbyr dette. Løysinga vel automatisk juridisk eigar som mottakar av alle eFaktura.

      Tenesta vert omtalt litt forskjellig i dei ulike nettbankane/betalingsappane. Eksempel på dette er "Alltid eFaktura", "eFaktura frå alle" eller "Ja takk til alle".

      Dersom du ikkje allereie har gitt denne generelle aksepten på eFaktura anbefaler vi å gjere det snarast råd for å unngå å miste dei eFaktura-avtalene du allereie har oppretta.

      Dette er ikkje ei ordning som er knytt direkte til oss som straumselskap, men gjeld eFaktura generelt. Les meir om endringa her.

    • Tilbyr Wattn fakturakontroll/energirevisjon?
    • Ja, det gjer vi. Fakturakontroll eller energirevisjon er ein gjennomgang av straumrekninga for å sjekke om nettleiga er fakturert rett i forhold til gjeldande prisar og tariffar. Dette er ei teneste vi tilbyr alle kundane våre gratis.

    • Kvar finn eg kopi av faktura?
    • Du finn kopi av alle fakturaer tilbake til 2019 ved å logge deg inn på Bedriftsportalen.

    • Kan Wattn tilby gjennomfakturering av nettleige?
    • Dersom bedrifta di har hatt straum og nettleige på same faktura hos Tafjord, SFE, Tussa eller Sognekraft vil du få dette i Wattn også. Per 1. november 2021 har vi avtale om gjennomfakturering med 4 ulike nettselskap. Det vil seie at endå fleire straumkundar hos oss kan få nettleige og straum samla på fakturaen sin. Du treng ikkje gjere noko sjølv, dette skjer automatisk. Dei 4 nettselskapa vi har avtale med for bedriftskundar er Mørenett, Linja, Sygnir og BKK Nett.

    • Kven får vi faktura frå?
    • Frå november av vil du få faktura frå Wattn. Avtalar om EHF, eFaktura, e-postfaktura og AvtaleGiro vert vidareført automatisk.

    • Tilbyr Wattn EHF-faktura for bedrifter?
    • Ja, alle bedrifter som er registrert i ELMA registeret kan opprette EHF-faktura. Les meir om EHF-faktura her!

    • Tilbyr Wattn fakturakontroll/energirevisjon?
    • Ja, det gjer vi. Fakturakontroll eller energirevisjon er ein gjennomgang av straumrekninga for å sjekke om nettleiga er fakturert rett i forhold til gjeldande prisar og tariffar. Dette er ei teneste vi tilbyr alle kundane våre gratis.

    • Korleis finn eg forbruket til bedrifta mi?
    • Ved å logge deg inn på Bedriftsportalen her på nettsida vår, finn du oversikt over straumforbruket til bedrifta di. Har du ikkje fått tilgong til Bedriftsportalen er det berre å kontakte oss så ordnar vi det.

    • Korleis veit eg kva straumavtale som er best for bedrifta mi?
    • Ta kontakt med ein av rådgivarane våre så hjelper vi deg med å finne den beste straumavtalen for bedrifta di basert på forbruk. Vi har ulike avtalar, og kan tilpasse det etter bedrifta sitt behov.

    • Korleis blir vi bedriftskunde i Wattn?
    • Alle bedrifter er velkomne til å bli kunde i Wattn. Du kan enten sjekke ut straumavtalane våre her, eller ta kontakt med ein av rådgivarane våre for å finne ut kva avtale som passar best til bedrifta di.

    • Er straumen dykkar fornybar?
    • Dessverre kan ingen straumselskap kontrollere kvar straumen i stikkontakta di kjem frå. I Noreg vert straumen i houvdsak produsert av fornybare kjelder som til dømes vasskraft, vindkraft og solenergi, men den kan også innehalde gasskraft, kullkraft og atomkraft. Det er fordi vi er avhengig av å importere straum frå landa rundt oss.


      Om du ønsker det kan du kjøpe opphavsgaranti på straumen bedrifta di brukar. Dette er ei tilleggsavtale til den ordinære straumavtalen til bedrifta. Du betalar eit påslag per kilowatt, og sikrar dermed at det blir produsert like mykje straum frå fornybare energikjelder som det bedrifta brukar. I Wattn kjøper vi opphavsgarantiane våre frå lokale vasskraftverk. Du kan lese meir om opphavsgaranti her...

    • Korleis byttar eg straumleverandør til Wattn?
    • Dette fiksar vi for deg! Dersom du ikkje har bindingstid hos den gamle straumleverandøren ordnar vi dette i løpet av eit par dagar.

    • Korleis finn eg forbruket til bedrifta mi?
    • Ved å logge deg inn på Bedriftsportalen her på nettsida vår, finn du oversikt over straumforbruket til bedrifta di. Har du ikkje fått tilgong til Bedriftsportalen er det berre å kontakte oss så ordnar vi det.

    • Korleis loggar eg inn i Bedriftsportalen?
    • Du loggar inn i Bedriftsportalen med e-postadresse og passord. Første gong du loggar på må du trykke på «gløymt passord». Då får du tilsendt ein e-post med eingongskode; legg inn denne koda og opprett det passordet du sjølv ønskjer. Neste gong du loggar inn kan du bruke det passordet du valgte sjølv.


      Har du ikkje fått informasjon frå Wattn til e-postadressa di med informasjon om registrert brukar ta kontakt med oss så ordnar vi dette for deg.

    • Kva er Bedriftsportalen?
    • Bedriftsportalen er bedrifta si «Mi side». I Bedriftsportalen får du informasjon om kva type straumavtale du har, fakturakopiar og oversikt over forbruk og kostnadar for straum og nettleige. I tillegg er det mogleg å bestille ulike rapportar.