Pressemelding
Betydeleg behov for energieffektivisering i offentlege- og næringsbygg
Pressemelding 01.12.2023
Energikommisjonen anbefaler å redusere straumforbruket med inntil 20 TWh fram mot 2030. Det haster å gjennomføre energieffektiviseringstiltak i næringsbygg og offentlege bygg.
- Redusert energiforbruk gir redusert klimaavtrykk, lågare straumkostnader og mindre belastning på straumnettet, seier Rune Jelle-Slenes i Wattn.
Nær femti prosent* av energiforbruket i Noreg går til industri og tenesteytande næringar. Resten fordeler seg på hushaldningar og andre næringar som bygg og anlegg, landbruk, fiske, og transportbransjen.
Energikommisjonen anbefalte i sin rapport, «Meir av alt raskare», at straumforbruket i Noreg må bli redusert med 15-20TWh dei neste seks-sju åra, om vi skal nå klimamåla og ha nok fornybar kraft til å elektrifisere straumkrevjande industri.
Stor effekt med små grep
Tal frå ENOVA seier at implementering av energileiing aleine kan redusere energikostnadane til bedrifter med inntil ti prosent. Dette gjennom tiltak med relativt låge eller ingen investeringskostnader.
– Energileiing handlar om samspelet mellom straumvanene til alle som jobbar i ei bedrift, teknologi og effektiv styring av energiforbruket. Gjennom energistyringstiltak og endre vanar blant dei tilsette vert både forbruk og kostnader redusert, og det styrkar miljøprofilen og konkurranseevna til bedrifta, seier Jelle-Slenes.
EU vil stille strenge krav til bygg
EU vil stille strenge krav til energieffektivisering av bygg, og jobbar med eit nytt direktiv for bygningers energiytelse. Om dette blir norsk lov må ein stor andel norske bustader, næringsbygg og offentlege bygg oppgraderast i heile landet.
Direktivet foreslår blant anna at alle nybygg skal vere klimanøytrale eller nullutsleppsbygg, som det blir kalla, frå 2028, og offentlege bygg skal møte dette kravet allereie frå 2026. I tillegg er det foreslått at næringsbygg og offentlege bygg må oppnå energiklasse E frå 2027 og energiklasse D frå 2030.
– Blir dette ein realitet er det mange eigarar av offentlege bygg og næringsbygg som må gjere betydelege tiltak. Vi jobbar for at alle bedriftskundane våre får ressursar og verktøy som reduserer straumforbruket sitt, seier Jelle-Slenes i Wattn.
Enova-statistikken på energimerking over offentlege bygg og næringsbygg i Noreg tyder på at over fire av ti offentlege bygg og næringsbygg må energioppgraderast dei neste seks-sju åra.
Dette kan bedriftene gjere
I tillegg til energileiing er det fleire tiltak bedriftene kan gjennomføre for å ytterlegare redusere energibruken.
– Som regel må bedriftene investere i nye løysingar, men dei fleste vil umiddelbart gi redusert forbruk, og på sikt bli lønsame, seier Jelle-Slenes.
Eksemplar på tiltak bedriftene kan gjere er:
- Etterisolering av eldre bygningar
- Oppgradere eller investere i eit smart energistyringsverktøy
- Oppgradere til ventilasjonssystem som gjenvinner varme, eller ettermontere gjennvinningssystem
- Bytte tradisjonelle varmekjelder som elkjeler og panelovnar med moderne varmepumpesystem
- Bytte ut lysbrytarar med bevegelsessensorar og tidsinnstilt sløkking
- Installere solceller på tak – sjølv ved overskya vêr, vil det gi energi
- Installere smart utvending solskjerming – jamn temperatur inne gjer at det blir brukt mindre energi
Kilder til energiforbruk i Norge
Statistisk sentralbyrå sin statistikk «Produksjon og forbruk av energi, energibalanse og energiregnskap» https://www.ssb.no/energi-og-industri/energi/statistikk/produksjon-og-forbruk-av-energi-energibalanse-og-energiregnskap
46% går til hushaldningar og transport. Resten fordeler seg på industri, bergverk, tenesteyting, landbruk og fiske.