Wattn-profil-gradient-lys

Ta pul­sen på straumforbruket
med WattMeter

Wattn illustrasjon smart i sanntid

Bruk mindre,
betal mindre

Bestill WattMeter

Rushtid og effektvarsling

Meir om effektvarsling her

Slik fungerer det

Montering av WattMeter (PDF)

Ofte stilte spørsmål om WattMeter

    • Kor lang leveringstid er det på WattMeter?
    • Det tek omtrent 3-7 dagar frå du bestiller til du har det i postkassa di.

    • Kvifor er det månadsbeløp på WattMeter?
    • Wattmeter er ei tilleggsteneste som gir deg sanntidsdata på straumen din. Eingongskostnaden dekker sjølve eininga, medan månadskostnadene går til innhenting, lagring og behandling av data i skyløysingane våre. Kostnadene er dei same anten du bruker 4G eller WiFi.

    • Kan WattMeter flyttast fram og tilbake mellom f.eks bustad og hytte?
    • Ja, det kan du.

    • Kva skjer om eg seier opp straumavtala mi?
    • Utan ei straumavtale er det begrensa informasjon vi kan tilby deg i appen dessverre, men WattMeteret er ditt, så det beheld du.

    • Kor ofte blir det sendt data med WattMeter?
    • Det vert sendt inn data kvart 10. sekund, heile døgnet.

    • Kan eg kople ein sanntidsmålar frå ein annan leverandør til Wattn-appen?
    • Desverre kan du ikkje nytte andre sanntidsmålarar i vår app.

    • Kva verdiar viser i appen, utan wattmeter?
    • Utan WattMeter er det estimerte prisar og verdiar som ligg i appen.

    • Sjekkliste om WattMeter ikkje viser sanntidsdata
    • Sanntidsdata viser øvst til venstre på startsida i appen. Sjekkliste dersom data ikkje viser i appen:

      1. Har du åpna HAN-porten hos nettselskapet ditt? Du trenger ikkje alltid ringe i kontortiden for dette, mange nettselskaper tilbyr elektroniske skjema for å opne.

      2. Har wattmeter stått i minst 10 minutt og over natta? Dette må gjeres slik at nattleg synkronisering mot målarnummeret ditt blir utført.

      3. Er kabelen plugga skikkelig i HAN-porten og i WattMeteret? Ta ut og inn igjen, du skal høyre eit tydeleg klikk.

      4. Har du Telenor dekning der WattMeteret står? Wattmeteret bør ikkje koples opp på innsida av sikringsskapet, men strekkast med leidningen til utsida av skapet slik at metallet i sikringsskapet ikkje skapar dårlig dekning. Den flate kabelen kan ofte strekkast ut av hjørnet på døra eller liknande.

      5. Du må også ha 4G-dekning med Telenor LTE der wattmeteret står, det er ikkje nok med taledekning, det må vere 4G datatrafikk)
        - Mogleg løysing: Bruk ein vanleg nettverkskabel og flytt Wattmeteret til ein plass med betre dekning

      6. Gir ikkje straummålaren nok straum til wattmeteret? Dette kan sjå ut til å vere tilfelle hos nokre Kamstrup-målarar.
        - Mogleg løysing: Kople til ein Micro-usbladar til Wattmeteret. Om du har dette, anbefalar vi dette uansett.

      7. Om du framleis ikkje har kontakt, kan du prøve å resette Wattmeteret ved å trykke inn den vesle knappen med ein penn i minst 5 sekund til led-lyset på framsida blir grønt.

      8. Dersom det framleis ikkje er ei løysing, kan ein siste utveg vere å prøve å slå av hovedbrytaren, vente nokre minutter og slå den på igjen. Det har vist seg at HAN-porten kommuniserer betre etter restart av AMS-målaren i enkelte tilfeller.

      9. Det finnast 2 ulike versjonar av LED-lysa, ein nye og ein "gammal" versjon. Alle WattMeter vert oppdatert med nye fargar på LED-lysa. Her er forklaring på og samanlikning av dei nye og dei gamle fargekodane:


      SituasjonTidlegare versjonNy versjon
      Ved tilkobling til HAN-portWattMeter blinkar gult for å lade oppWattMeter pulserar gult for å lade opp
      WattMeter ladar oppGul blinkingFast gult lys
      Oppsettsmodus (kun Wifi)Fast blått lysFast blått lys
      WattMeter koblar seg på nettRaudt blinkFast lilla lys
      WattMeter klarar å komme seg på nettGrønt blink (før lyste sløkkast heilt)Grønt lys med pulsering når WattMeter er på nett/i drift
      I brukLyset skal vere av i brukLyset svakt grønt (med pulsering når WattMeter mottek data)
      Oppdatering pågårIngen lyssignal for detteKvitt lys med pulsering




      Dersom du har prøvd alle desse punkta og framleis ikkje lykkast, ta kontakt med oss, slik at vi kan vurdere om du bør bytte til ein annan type WattMeter.

    • Angrerett og retur
    • Skulle du angre på eit kjøp, eller ønsker å sende noko i retur finn du all informasjon om dette her.