

Aktuelt
Topp 5 straumsparetips – som du kan gjere i dag
Vil du spare straum utan å gjere store endringar? Her får du fem enkle grep du kan gjere i dag – utan dyre investeringar. Perfekt for deg som vil merke forskjell raskt.
1. Senk temperaturen éin grad
Oppvarming står for det meste av straumforbruket. Berre éin grad lågare kan gi 5 % lågare forbruk.
Gjer det no: Juster termostaten ned 1–2 grader. Bruk pledd, sokkar og varm te om du frys.
2. Ta kortare dusjar
Varmtvatn er dyrt – særleg om fleire dusjar dagleg.
Gjer det no: Test 5-minuttsregelen. Sett på ein sang og dusj til den er over.
3. Bytt til LED-pærer
LED-pærer bruker 80–90 % mindre straum enn gamle pærer.
Gjer det no: Start med gangen, badet eller kjøkenet – plassar der lyset ofte står på.
4. Skru av det du ikkje brukar
Elektronikk i standby-modus trekker framleis straum.
Gjer det no: Skru heilt av TV og konsollar. Bruk straumbrytar med av/på-knapp.
5. Følg med i Wattn-appen
Det er enklare å spare når du veit kor straumen går.
Gjer det no: Logg inn i Wattn-appen og utforsk moglegheitene!
Oppsummert: Start der du står
Straumsparing handlar ikkje om å ofre komfort – men om å gjere smarte val der det er enkelt. Begynn i det små, og bygg vidare.
Nyttige verktøy
📱Wattn-appen
Wattn-appen gir deg den oversikta du treng for å ta gode val når det kjem til straum og straumforbruk. Med appen i lomma kan du følge med, få varsel og ta grep – akkurat når det løner seg.
Les meir
⚡WattMeter
Når du koplar til eit WattMeter i straummålaren din, får du live-data rett inn i appen. Du ser korelis forbruket endrar seg. Skrur du av omnen eller sett bilen på lading, ser du utslaget med ein gong. Det gjer det enkelt å oppdage straumtjuvar og ta raske grep.
Les meir