Wattn-profil-gradient-lys

Aktuelt

Ny eFaktura-løysing

For å få tilsendt eFaktura må du gi ein generell aksept i nettbanken din. Då vil du få eFaktura frå alle som tilbyr det som betalingsmåte.

Det er enklare enn nokon gong å få tilsendt eFaktura. Når du gir ein generell aksept for eFaktura i nettbanken din, eller i betalingsappen din vil du automatisk få eFaktura frå alle som tilbyr dette. Løysinga vel automatisk juridisk eigar som mottakar av alle eFaktura.

Tenesta vert omtalt litt forskjellig i dei ulike nettbankane/betalingsappane. Eksempel på dette er "Alltid eFaktura", "eFaktura frå alle" eller "Ja takk til alle".

Dersom du ikkje mottek varsel på eFaktura-løysinga di, kan du undersøke dette i nettbanken din, eller der du betalar rekningane dine. Her kan du nemlig legge inn ønska varslingsmåte. Standard varsling er e-postvarsel frå efaktura.no til valgt epostadresse.

Dette er ikkje ei ordning som er knytt direkte til oss som straumselskap, men gjeld eFaktura generelt.

Tips!
Dersom du kombinerer eFaktura med AvtaleGiro så blir beløpet automatisk trekt frå kontoen din på forfallsdato. Du treng ikkje tenke på noko. Bra for deg - bra for miljøet.