Spotprisen endrar seg gjennom døgnet etter tilbod og etterspurnda i marknaden, og er sett av kraftbørsen Nord Pool. Ofte er spotprisen lågare på natt og kveld, og høgare på dagtid når mange bruker straum samtidig.
Straumprisane blir også påverka av vêr, vind, produksjon og forbruk, så dei svingar frå time til time – og mellom årstidene.
Det som skil spotprisavtalene frå kverandre er påslaget og fastbeløpet. Nettleiga til det lokale nettselskapet ditt kjem alltid i tillegg.
Spotprisen varierer mellom prisområde
Spotprisen varierer også etter kvar du bur i landet. Norge er delt inn i fem prisområde (NO):
NO1: Austlandet
NO2: Sørlandet
NO3: Midt-Norge
NO4: Nord-Norge
NO5: Vest-Norge
Det vil seie at du kan ha akkurat same spotprisavtale på huset i Ålesund og hytta i Hardanger, men likevel få ulik pris på fakturaen. Det kjem av at dei to stadane ligg i ulike prisområde, med ulik straumpris frå time til time.