Wattn-profil-gradient-lys

Fem enkle straumsparetips før du reiser på ferie

Sommaren er ofte den tida av året der vi ikkje ofrar straumprisen så mykje tanke. Dette gjeld nok store delar av sommaren i år òg, men vi ser likevel at svingingane i straumprisen er større enn tidlegare år. Før du reiser på ferie, kan det derfor det vere lurt å ta ein rask runde i huset med desse fem straumsparetipsa i bakhovudet.


Trekk ut stikkontaktene
Ein tenker kanskje ikkje over det, men elektriske apparat trekker faktisk straum sjølv når dei er slått av, eller står i standby-modus. Det kan derfor vere ein god regel å trekke ut kontaktene på TV, data, kaffitraktar og andre apparat som ikkje treng å vere på medan du er vekkreist.

Skru av lysa
Dette er kanskje vane for mange, men vi tek det med likevel. Er du av typen som liker å ha på eit lys eller to for at det skal sjå ut som om det er folk heime? Då kan ein tidsbrytar eller sensor på lyset vere genialt. Og straumsparande.

Hugs å lukke vindauga
Litt gjennomtrekk er nydeleg om sommaren, men å komme heim til eit hus som er iskaldt, eller glovarmt for den saks skuld, er det vel heller få som er gla i. Ta derfor ein ekstra runde før du reiser, og sjekk at alle vindaug og dører er lukka.

Bruk smarte dingsar
Har du smarte termostatar eller stikkontakter? Bruk dei til å programmere straumbruken medan du er vekke. Då brukar ikkje huset ditt meir straum enn nødvendig.

Sjå straumforbruket ditt i sanntid med WattMeter

Eit godt tips for heimeferien.. og elles i året!
Skal du nyte late dagar heime i ferien? Då anbefalar vi at du følger ekstra godt med i appen vår. Der kan du sjå spotprisen time for time dei neste to dagane, og straumprisprognose for heile den kommande veka. På denne måten kan du legge straumbruken din til tider der straumprisen er billigast, noko som igjen gir ei meir hyggeleg straumrekninga.

Sjå alle dei smarte funksjonane i appen



GOD FERIE!