Stova
Stova er ofte det rommet vi brukar mest – og derfor ein naturleg stad å starte.
Enkle grep:
• Senk temperaturen éin grad – det kan gi rundt 5 % lågare forbruk.
• Bruk pledd og tøfler i staden for å skru opp varmen.
• Slå av TV og spelkonsollar – sjølv i kvilemodus brukar dei straum.
Vil du gjere meir?
• Installer smart varmestyring eller varmepumpe for jamnare, meir effektiv oppvarming.
Kjøkenet
Her trekker kvitevarene mest straum – men små vanar gjer ein stor forskjell.
Enkle grep:
• Kok med lokk – det halverar koketida.
• Kjør oppvaskmaskina berre når den er full.
Vil du gjere meir?
• Bytt til induksjonstopp og energieffektive kvitevarer.
• Avrim frysaren jamnleg – det senkar forbruket.
Badet
Badet er ofte ein skjult straumtjuv – særleg med varmekablar og varmtvatn.
Enkle grep:
• Ta kortare dusjar – du blir ganske rein (rein nok meinar vi) på 5 minutt
• Skru ned varmekablane når du ikkje treng dei.
Vil du gjere meir?
• Installer sparedusj og tidsur på varmekablane.
• Isoler varmtvasstanken.
Soverommet
Her er det både helsa og straumrekning som nyt godt av lågare temperatur.
Enkle grep:
• Treng du eigentleg panelovnen på soverommet?
Vil du gjere meir?
• Bruk tjukkare dyne og gardiner.
• Sett inn smart varmestyring.
Vaskerommet
Eit rom du kanskje ikkje tilbringer mykje tid i – men som bruker mykje straum.
Enkle grep:
• Vask og tørk fulle maskiner.
• Bruk Eco-program og lufttørk kle om du kan.
• Spør deg sjølv: Må dette plagget eigentleg vaskast?
Vil du gjere meir?
• Invester i energieffektive kvitevarer.
• Utforsk smart styring av varmtvasstank.
Når du går gjennom heimen rom for rom, blir det lettare å sjå kvar straumen går – og kvar du har størst potensial til å spare.