

Aktuelt
Bruk verktøya du allereie har
Vil du bruke mindre pengar på straumrekninga? Vi har verktøykassa du treng for å ta smarte grep. Du treng ikkje vere straumekspert – berre litt nysgjerrig. Kanskje brukar du nokre av verktøya allereie – og kanskje oppdagar du ein ny favoritt?
Wattn-appen – straumstyring rett i lomma
Wattn-appen gir deg den oversikta du treng for å ta gode val når det kjem til straum og straumforbruk. Med appen i lomma kan du følgje med, få varsel og ta grep – akkurat når det løner seg. Her er nokre av dei mest brukte visningane – og det beste av alt: Det er heilt gratis! Les meir om appen.
Spotpris time for time
Straumprisen varierer gjennom døgnet. I appen ser du kva straumen kostar time for time og kan planlegge straumforbruket deretter. Det kan bety lågare straumrekning utan store endringar i kvardagen.
Spotprisprognose
Få oversikt over forventa straumpris ei veke fram i tid. Prognosane gir deg ein peikepinn på når det løner seg å lade elbilen, sette på vaskemaskina – eller unne deg nokre ekstra minutt i dusjen.
Analyse
Sjå når du bruker mest straum. Ved å identifisere mønster i forbruket, kan du lettare finne ut kvar det løner seg å spare.
Straumforbruk
Følg med på straumforbruket ditt. Du ser effekten av tiltaka du prøver, og kva som gir mest straumsparing over tid.
Pushvarsel
Få varsel om låge eller høge straumprisar, eller når ny faktura er klar. Smarte straumval startar med god timing – og du får hjelpa rett på mobilen.
Faktura
Sjå fakturaene dine tydeleg oppdelt i straumpris, nettleige og avgifter. Det gir deg betre forståing av kva du faktisk betalar for – og gjer det enklare å ta grep.
WattMeter – straumforbruk i sanntid
Når du koplar til WattMeter i straummålaren din, får du live-data rett inn i appen. Du ser korleis forbruket endrar seg. Skrur du av omnen eller sett bilen på lading, ser du utslaget med ein gong. Det gjer det enkelt å oppdage straumtjuvar og ta raske grep. Les meir om WattMeter
Smartlading – lad elbilen når straumen er lågast
Med Smartlading aktivert i appen ladar elbilen din automatisk når straumen er lågast. Du sparar pengar og bidreg til eit jamnare og meir berekraftig straumforbruk. Les meir om Smartlading
Effektvarsling – unngå dyr nettleige
Høgt forbruk i éin enkelt time kan føre til unødvendig høg nettleige. Med WattMeter og aktivert effektvarsling i appen får du varsel når du nærmar deg ein forbrukstopp – slik at du kan utsette noko forbruk og spare pengar. Du kan òg bruke effektvarsling utan WattMeter. Då ser du kva timar du hadde høgt forbruk i går – og kan lære av det til neste dag. Les meir om effektvarsling
Prisvarsling – få beskjed når straumen er billig
Bruker du ikkje appen? Då kan du framleis få prisvarsel på SMS eller e-post. Du vel sjølv kva prisnivå du vil varsla om – og i kva kanal. Les meir om prisvarsel
Bruk verktøya
Du treng ikkje å bruke alt samtidig. Start med eitt eller to verktøy, og legg til fleire etter kvart. Eit smart tips er å legge til favorittane dine på framsida i appen – så har du alltid det viktigaste lett tilgjengeleg.