Coldwaterprawns

Kundehistoriar

Coldwater Prawns - Miljøfokus i alle ledd

Coldwater Prawns of Norway må vere ei føregangsbedrift innan miljøleiing. - Vi har miljøsertifiseringane på plass, utnyttar råvarene 100% og har null utslepp frå produksjonen. No toppar vi det heile med å sikre at all straum vi brukar kjem frå fornybar energi, seie Knut Helge Vestre, CEO i selskapet.

Coldwater Prawns of Norway har ei bevisst haldning til å tenkje berekraft i alt dei gjer. Det er årsaka til at dei også har vald å inngå avtale om kjøp av opphavsgaranti på straum.

Berekraft i alt vi gjer
- Vi er svært opptekne av berekraft, og det er kundane våre også. Spesielt merkar vi dette på den internasjonale marknaden. Her til lands har dette også blitt viktigare, og frå supermarknadskjedene har det no nærast blitt eit krav at vi kan dokumentere at vi har ein berekraftig produksjon,
fortel Vestre.

Den Ålesundsbaserte rekeprodusenten, som har fabrikk i Senjahopen, var tidleg ute med å jobbe med miljøleiing. Fabrikken er tilrettelagt for å utnytte råstoffa fullt ut, og dei har fokus på å få det maksimale ut av anlegg og maskiner, på samme tid som dei reduserer kostnadane.

Både fisken og produksjonen er berekraftig.

Dei har alle miljøsertifiseringane som finnast for bransjen, inkludert MSC, som er verdas største miljøsertifisering for fisk og sjølmat. No har dei i tillegg sikra seg rein, fornybar energi frå lokalområdet.

100% fornybar energi
Leiar for bedrift, Camilla Blom, fortel at stadig fleire bedrifter er interessert i opphavsgaranti på straum.

- Kundane våre opererer i internasjonal konkurranse der det er større bevisstheit rundt bedrifta sitt karbonavtrykk og berekraftsansvar. Ved å kjøpe opphavsgaranti sikrar dei produksjon av rein energi og bidreg til at det vert produsert like mykje fornybar straum som bedrifta brukar. Med den avtalen som er inngått, har Coldwater Prawns of Norway sikra drifta med 100% vasskraft frå kraftstasjonen Tafjord 1, seie ho.

Gode resultat i tøffe tider
No er det ikkje berre innan miljøleiing og berekraft Coldwater Prawns of Norway har lykkast. Mens mange bransjar og bedrifter har slitt seg gjennom koronakrisa, sit dei igjen med ei heilt anna oppleving.

Knut Helge Vestre fortel at koronapandemien også kom svært overraskande på dei, så det måtte handlast raskt for å unngå ei katastrofe.

- 40% av marknaden vår er hotell og restaurantar, så dette kunne fått svært alvorlege følgjer. Vi bestemte oss derimot for at permittering ikkje var eit ord vi ville forholde oss til, og satte fullt fokus på daglegvarekjedene med kampanjar og aktivitetar inn i mot denne marknaden. Litt heldige var vi nok, sidan det var ei opning i denne marknaden, men ein suksess vart det i alle fall, seier han.

Camilla Blom 72dpi

Camilla Blom

Leiar Bedriftsmarknad

41 59 77 05camilla.blom@wattn.no

Dei gode historiene fortset i Wattn

Coldwater Prawns var kunde av Tafjord Marked før samanslåinga. Kundehistoria er eit resultat av det, og står difor i Tafjord Marked sitt namn. Vi er stolte, og utruleg glade over å vidareføre det gode samarbeidet i Wattn.