1000006955

Kompetanse

02. desember, 2023

Westcon Yards opna dørene for EnergiArena

Det var stort engasjement og god oppslutning då Westcon Yards i Florø inviterte oss i Wattn til å arrangere EnergiArena i sine lokal.

HMS-/Kvalitetssjef, Westcon Yards Florø, fortalte deltakarane om korleis verftet systematisk arbeider med forbetringstiltak innan berekraft, energisparing og HMS. Ein grøn tråd blant dagens deltakar var fokus på berekraft og energibruk. Deltakarane kom frå både det lokale næringslivet i regionen og frå fleire kommunar. – Det er veldig flott å ha eit slikt fagleg nettverk her lokalt, var tilbakemelding frå ein av deltakarane under den flotte julelunsjen som Westcon Yards serverte gjestane.

Jon Gisle Systaddal, anlegg og vedlikehold, og Bente Mari Frøysa
Jon Gisle Systaddal, anlegg og vedlikehold, og Bente Mari Frøysa



Jon Gisle Systaddal ga deltakarane ei spennande omvising på verftet og viste ulike Enøk-tiltak som dei har gjort, og fortalte om planlagde tiltak dei har framover. Utskiftinga av eldre armaturar til LED i produksjonshallene har vert ei lønnsam investering, fortalte han. Neste fokus hos verftet er å installere fleire solcellepanel. – Solcellepanela har ei lang nedbetalingstid med dagens straumprisar (på grunn av gode fastprisar), men vi meina at det er viktig å bidra inn mot det komande kraftunderskotet med eigen produksjon, sa Systaddal.

Frå Wattn si side presenterte seniorrådgivar Steinar Brekke prognoser for kraftprisane neste år, mens teknisk KAM Rune Jelle-Slenes presenterte siste nytt frå Enova på aktuelle tilskotsordningar og ga deltakarane ei innføring i energileiing.

Vi takkar Westcon Yards så mykje for godt vertskap, og ønsker alle nye deltakarar velkommen til dette nettverket!

Neste samling i EnergiArena blir 6. desember hos Vartdal Plast i Ørsta og på Hotel Brosundet i Ålesund 7. desember med PTG Tempra som skal snakke om perfekt temperatur.

EnergiArena hos Westcon Yards i Florø
EnergiArena hos Westcon Yards i Florø