Energiarena bokm banner

EnergiArena

Med miljøprogrammet EnergiArena har vi skapt ein uformell og lærerik møteplass for både store og små verksemder i vår region. Som ein del av EnergiArena vil du få eit unikt innblikk i kraftmarknaden, samt nyttig kunnskap om energisparing. Dette kan spare bedrifta di for unødvendige kostnadar.

Kostnadar, miljø og leiing – for alle
I starten var EnergiArena eit spissa tilbod retta mot dei aller største verksemdene, som ofte har mest å tene på god energileiing. No ser vi at også mindre og mellomstore verksemder har stor nytte av å møtast, bli kjent, og diskutere faglege problemstillingar. Å spare kostnadar, berekraft og miljø er noko alle leiarar er opptatt av i dag – og moglegheitene er mange.

Berre gjennom å implementere energileiing kan bedrifter kutte energikostnadane med inntil 10%.

Nettverkssamlingar i nærleiken av deg
Som medlem i EnergiArena blir du invitert til lokale nettverkssamlingar og webinar 4 gangar i året, med interessante foredrag, diskusjonar og gode moglegheiter for sosialisering. Du lærer mykje om enkle tiltak som kan settast i gong raskt, og korleis energileiing fungera i kvardagen. Vi ønskjer å møte kundane våre der dei er, og er interessa stor startar vi gjerne opp EnergiArena andre stadar i regionen vår.

Kort fortalt om
EnergiArena

Starten

EnergiArena startet i samarbeid med Haram Næringslag, spreidde seg vidare til Ålesund og etter kvart heile nordre Sunnmøre. No får bedrifter i heile Wattn-området tilbod om å vere ein del av EnergiArena.

Nettverket

Eit bedriftsnettverk som gir bedrifter auka kunnskap om energiforbruk, lavare straumutgifter og meir berekraftig drift.

Dei gode råda

Nettverket gir råd gjennom samlingar som har både informasjon frå straumleverandør og utveksling av erfaring mellom bedriftene. Dette kan følgjast opp med ein-til-ein-rådgjeving til den enkelte bedrifta.

Besparelsane

Over hundre bedrifter har vore med sidan starten i 2008 og spart over 150 millionar kroner i energikostnader.

Kontakt oss gjerne for ein prat!

Rune Jelle-Slenes

Rune Jelle-Slenes

Teknisk KAM

99 39 95 76rune.jelle-slenes@wattn.no
Margrete Heltne Hovde 72dpi

Margrete Heltne Hovde

Senior marknadsrådgivar, Bedrift

91 31 83 40margrete.hovde@wattn.no
Wattn-bedrift-KAM-Trond

Trond André Hagen

Teknisk KAM i Wattn

40 41 07 60trond.hagen@wattn.no