Wattn bedrift kundehistorier Berdal

Kundehistoriar

Berdal Gartneri - Energikrevjande agurkar

Gartnar Per Magnus Berdal i Valldal vil helst ha sol kvar dag. Og lågast mogeleg straumrekning til det han treng av kunstig lys.

- Sjølv om agurkane veks i drivhus, er det ein lyskrevjande vekst å dyrke. Når sola er framme har den stor effekt, fortel Per Magnus, stolt tredje generasjonsdrivar av Berdal Gartneri.

Store straumutgifter

Straumrekningane kan bli ganske høge når grå- og korte haustdagar må kompenserast av kunstig lys i fire drivhus. Berdal Gartneri dyrkar ca 170 tonn eller ca 510.000 agurkar i løpet av sesongen.

- For oss er straum ein stor og tung utgiftspost. Vi driv eit relativt lite gartneri i norsk målestokk, og energiforbruket er vår største utgift, forklarar Berdal.

I eit normalt år er straumforbruket til lys og varme 1,5 Gwh. I 2018 blei dette 750.000 kroner i straumforbruk pluss nettleige.

Konkurransedyktige

Kraftprisane er eit kritisk punkt for gartneridrifta, og det handlar om å få straumen billegast mogeleg, og god rådgjeving på vegen. Berdal Gartneri valgte produktet Forvaltning Spot i 2016 og har so langt vore svært fornøgde. Forvaltningsavtlaen har ei middels grad av forutsigbarhet, og følgjer i større grad svingningane i marknaden enn Fast.

- Fram til 2016 handla det kun om spotprisar, men etter at vi installerte endå meir lys i drivhusa, føltes det tryggare å gå over på ein forvaltningsavtale. At vi sikrar oss med noko fast i spot-avtalen, kjennes som ei slags forsikring som ligg i botnen, seier Per Magnus.

Gartneriet brukar mest straum i februar, mars og april - når straumprisane ofte er på sitt høgaste. Sikringsgraden varierer frå rundt 20 til 35%. Sjølv om ein tek nokre pristoppar, så har avtalen over tid vist seg konkurransedyktig på alle mogelege måtar, i følge Per Magnus Berdal.

Lengtar etter sola

Eit år med godt ver for agurkdyrking merkar ein på straumforbruket. Godt ver med rikelig sollys betyr nesten dobbelt opp i forhold til inntjening. Då sparar dei på utgifter til energi, og får betre vekst på grunn av sollyset.

- Med mykje gråver må vi tilføre energi på grunn av dårleg lys. Det kostar meir, og kunstig lys gir litt dårlegare agurkvekst enn lys frå sola, forklarar Per Magnus.

Nært og personleg
Trass i mange tilbydarar og gode bransjeavtalar, har Berdal Gartneri valgt å halde seg lokalt når det kjem til straumleverandør.

- Produktet virkar å vere bra, og vi har sans for det nære og lokale. Det gir god personleg kontakt og det er viktig for oss. I ein marknad som er vanskeleg å lese, er det godt å ha gode rådgjevarar å lene seg på, seier Per Magnus.

Dei gode historiene fortset i Wattn

Berdal Gartneri var kunde av Tafjord Marked før samanslåinga. Kundehistoria er eit resultat av det, og står difor i Tafjord Marked sitt namn. Vi er stolte, og utruleg glade over å vidareføre det gode samarbeidet i Wattn.