
Forvaltning
Skreddarsydd straumavtale som tek behova dine på alvor.Vi jobbar tett saman med det beste kompetansemiljøet i marknaden på krafthandel for å skreddarsy ulike strategiar for kraftforvaltning som passar bedrifta di best.Vi gjennomfører ei kartlegging av behova dine, og tilbyr alt frå strategiar om å slå spotpris, til forvaltning av fastpris. Vi garanterar transparens på finansielle handlar, og vil vere ein kompetent rådgjevar for bedrifta di.
Kvifor velge forvaltning?
- Full oversikt over forbruk og kostnadar i Bedriftsportalen
- Større forutsigbarheit
- Tett oppfølging av fagleg sterke rådgjevarar
- Skreddarsydd avtale for ditt behov

Hofseth International - Forutsigbart i fisk
Kundehistoriar
Hofseth International er gode på fisk. Ikkje så gode på straum. Det er Wattn gode på. For oss er det viktig å kunne budsjettere våre utgifter med ei stor grad av sikkerheit, og då er eit forutsigbart kostnadsnivå viktig. Dette seier finansdirektør (CFO) Ola Holen i Hofseth International om kvifor fiskeforedlingsgiganten har vald å betale fastpris på ein relativ stor andel av straumforbruket sitt.

Lefdal Mine - Låg pris, høgt servicenivå
Kundehistoriar
- Kvaliteten på straum er den same, så det kokar ned til eit prisspørsmål. I tillegg til god service. Det seier administrerande direktør i Lefdal Mine Datacenter, Jørn Skaane. Dei fornya kontrakten med Sogn og Fjordane Energi (SFE) før sommaren, og er dermed ein av kundane til det nye selskapet Wattn.