Vinter kompensasjonsordning

Aktuelt

Kompensasjon for høge straumprisar

Regjeringa legg til rette for at du som privatkunde kan få dekka delar av straumrekninga di. Kompensasjonen vert handtert av nettselskapet ditt, og automatisk trekt frå straumrekninga di. Du treng ikkje å gjere noko sjølv.

Dette er støtteordninga
Frå 1. september 2022 får privatkundar tilbakebetalt 90 % av kostnadane over 70 øre/kWh ekskl. moms. Basert på vurderingar av kraftsituasjonen har regjeringa beslutta å forlenge straumstøtteordninga for hushaldningar til og med mars 2023. Taket for kompensasjon er 5 000 kWh per månad, og forbruk over dette vert ikkje kompensert. Har du hytte eller fritidsbustad får du ikkje kompensasjon for straumforbruket på den adressa.

Prisområdet ditt avgjer støttesatsen
I Norge har vi fem ulike prisområder for straum. Støtta du får vil avhenge av gjennomsnittleg månadleg spotpris i det området du høyrer til, uavhengig av kva straumavtale du har. NVE sin utrekning er basert på spotprisen eks. mva frå kraftbørsen Nord Pool, og er gjennomsnitt av alle timar i ein månad. Har du f.eks brukt mykje straum i timar der straumprisen har vore høgare enn NVE sin gjennomsnittpris får du ein høgare snittpris på din faktura, utan å nødvendigvis ha rett til støtte.

Prisområde NO3 og NO4

Både i Midt -og Nord-Norge har vi tidvis opplevd høge straumprisar, men snittprisen i desse prisområda har til no ikkje vore over 70 øre/kWh, og desse områda mottek derfor ikkje straumstøtte.

Meir informasjon
Ønsker du meir informasjon om støtteordninga har NVE samla fleire nyttige spørsmål og svar her.