

Aktuelt
Finalist i CHARGE Energy Branding Award
Wattn er i finalen i CHARGE Energy Branding Award 2022, den internasjonale kåringa av dei beste merkevarene og fagfolka på tvers av den globale energimarknaden. Av over 130 nominerte i Europa, står vi igjen som ein av dei 12 finalistane.
Wattn er nominert i kategorien «World’s Best Challenger Brand», og kåringa finn stad på Reykjavik 17.oktober. I kriteria for finalistane har CHARGE sett på ekte energiteknologiske innovatørar som har nytta banebrytande løysingar for å styrke kundane sine. Dei har i tillegg sett på selskap som utviklar løysingar og set fokus på det som trengs for å skalere seg mot det grøne skiftet.
Sidan Wattn vart lansert hausten 2021 har vi lansert fleire smarte tenester, i tillegg til appen og bedriftsportalen, som er nyttige verktøy for kundane våre å følgje med på eige forbruk og kostnadar. Nyleg lanserte vi effektvarsling knytt mot den nye nettleigemodellen, som den første i Norge.
Denne finaleplassen gir oss ekstra energi til å jobbe vidare med spennande prosjekt i tida framover.
Uansett utfall er dette ein siger for oss!