Gult lys betyr at eininga blir lada opp. Dette vil mellom anna skje når ein koplar eininga i Han-porten. I tilfelle med dårleg dekning vil det kunne skje at den må lade seg opp på nytt innimellom. Då vil den kople seg frå nett, starte å blinke gult og så kople seg opp igjen når den har lada seg opp.
Lilla lys betyr at eininga koplar seg til nettverket.
Grønt lys betyr at eininga er tilkopla nett. Eininga vil no konstant lyse grønt i drift. Lyset vil bli oppfatta som pulserande, då det jamleg lyser sterkare når eininga tek imot Han-meldingar.
Kvitt lys betyr at eininga oppdaterar seg.
Svakt raudt lys betyr at eininga opplever problem med nettverket. Ver vennleg og ta kontakt med support for feilsøking.
Sterkt raudt lys betyr at WiFi-eininga ikkje har vorte sett opp mot det trådlause nettverket, og eininga ikkje er kopla i USB (dette gjeld berre WiFi-einingar). Eininga må koplast i USB for å bli sett opp.
Blått lys betyr at eininga er i oppsettmodus (dette gjeld berre WiFi-einingar).
Ingen lys kan indikere at Han-porten er lukka, eller at kabelen ikkje sit godt nok i.