Shutterstock 1489164917

31. august, 2023

Ny straumstøtteordning

Frå 1. september 2023 vil straumstøtta bereknast ut frå straumprisen time for time, ikkje gjennomsnittsprisen i løpet av ein månad slik som før. Staten dekkjer framleis 90 prosent av prisen over 87,5 øre/kWh (Inkl. mva).

Kva betyr det?
Det betyr at du berre får støtte i dei timane spotprisen i ditt prisområde er høgare enn 87,5 øre/kWh (ink.mva). I desse timane får du støtte for 90 prosent av beløpet over 87,5 øre/kWh (inkl. mva).

Vi bruker gjerne mest straum når prisen er på sitt høgaste rundt frukost -og middagstider. Desse pristoppane vil vi merke mindre til med den nye støtteordninga. Det blir ei meir rettferdig støtte fordi det blir teke omsyn til når du faktisk bruker straumen.

Utbetaling av straumstøtte

Støtteordningen blir handtert av nettselskapa. Dei aller fleste kundane våre får straum og nettleige på same faktura, noko som betyr at straumstøtta blir trekt direkte frå på straumrekninga. Dersom vi ikkje har avtale om gjennomfakturering med nettselskapet ditt vil straumstøtta kome på nettleigefaktura frå nettselskapet ditt.

I dag har avtale om gjennomfakturing med Mørenett AS/Linja AS, Sygnir AS, BKK AS, Elvia AS, Tensio TS, Fagne, Mellom AS (tidl. NEAS Nett AS) og Elinett AS (tidl. Istad Nett AS).

  • Straumstøtta blir beregna ut frå straumprisen time for time
  • Staten dekker 90 % av prisen over 87,5 øre/kWh (inkl. mva)
  • Gjeld privatkundar og bustadselskap (burettslag, bustadsameige, bustadaksjeselskap mm.)
  • Kompensasjonen vert rekna ut av nettselskapet ditt
  • Støtta gjeld kun straum, ikkje nettleige
  • Støtta blir utbetalt uavhengig av kva straumavtale du har
  • Tak på 5000 kWh per månad