Wattn profil gradient blå

Nor­ges­pris

Wattn strom kaffetrakter

Kva er Norgespris?

Gå til elhub.no

Om Norgespris

Bestille Norgespris

Frå 24. september kan du bestille Norgespris på Min side på elhub.no. Bestiller du mellom 24. september og 1. oktober, får du Norgespris frå 1. oktober. Ved seinare bestilling gjeld prisen frå bestillingsdatoen. Ordninga gjeld frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026 og er bindande. Du har 14 dagars avbestillingsfrist.

Straumprisen

Norgespris gir deg ein fast straumpris på 50 øre/kWh inkl.mva. Det vil seie at du betaler det same for straumen, anten straumprisen går opp eller ned.

Samanlikningskalkulatoren på elhub.no

Frå tysdag 16. september kan du logge inn på Min side hos elhub.no og sjå korleis Norgespris ville påverka straumrekninga di tidlegare år – nyttig når du skal vurdere om du vil bestille.

Forbruk

Norgespris har eit maks forbruk på 5000 kWh/mnd for bustadar og 1000 kWh/mnd for fritidsbustadar. Bruk over dette blir fakturert til spotpris.

Straumavtale

Norgespris er kun ei straumstøtteordning, ikkje ein straumavtale. Du må derfor fortsatt ha ein straumavtale i botn.

Andre kostnader

I tillegg til å betale Norgespris på 50 øre/kWh må du betale nettleige, avgifter og påslag frå straumleverandøren din.

Norgespris og dagens straumstøtteordning

Du kan ikkje få både vanleg straumstøtte og Norgespris. Om du ikkje vel Norgespris, fortset du automatisk med dagens straumstøtteordning,

Slik aktiverer du straumstøtteordningane

Lightbulb Filament

Norgespris

1. Ha ein straumavtale i botn
2. Bestill Norgespris på Min side hos elhub.no
3. Støtteordninga startar, og varar ut 2026

Lightbulb Filament

Dagens straumstøtteordning

1. Ha ein straumavtale i botn
2. Du treng ikkje å gjere noko
3. Du får støtteordninga automatisk

Løner Norgespris seg for deg?

Prøv Norgespris-kalkulatoren vår

Ofte stilte spørsmål om Norgespris

Når kan eg bestille Norgespris?

Frå 24. september kan du bestille Norgespris på Min side på elhub.no. Bestiller du mellom 24. september og 1. oktober, får du Norgespris frå 1. oktober. Ved seinare bestilling gjeld prisen frå bestillingsdatoen. Ordninga gjeld frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026 og er bindande. Du har 14 dagars avbestillingsfrist.

Frå tysdag 16. september kan du logge inn på elhub.no og sjå korleis Norgespris ville påverka straumrekninga di tidlegare år – nyttig når du skal vurdere om du vil bestille.

MERK: Når du bestiller Norgespris, blir straummålaren knytt til ordninga fram til 31. desember 2026. Om du flyttar, vil den som overtek bustaden automatisk vere bunden til Norgespris som støtteordning. Dei kan velje eigen straumavtale og straumleverandør, men støtteordninga vil framleis vere Norgespris.

Kva er Norgespris?

Norgespris er ei ny statleg straumstøtteordning. Med Norgespris betaler du ein fastpris på 50 øre/kWh inkl. mva. Du kan velje Norgespris same kvar du bur i Norge, og du behaldar både straumavtalen og straumleverandøren din. 

Påslag og fastbeløp som du har på straumavtalen din i dag vil komme i tillegg til straumprisen på 50 øre/kWh inkl. mva. 
 

Kva er forskjellen på dagens straumstøtteordning og Norgespris?

Dagens straumstøtteordning følger svingingane i spotprisen og staten dekker 90 % av spotprisen over 93,75 øre/kWh inkl. mva. Fordelen med dette er at du får nytta deg av straumprisen om den er låg.

Norgespris gir deg fastpris på straumen på 50 øre/kWh inkl. mva. Du veit alltid kva du betaler, og slepp overraskingar – men du mistar moglegheita til å spare ved låge prisar.

Bør eg velje Norgespris?

I Sør-Norge, der prisane ofte har vore høge og uføreseielege, kan Norgespris vere ekstra attraktiv. I nord, der prisane vanlegvis er lågare og meir stabile, kan spotpris med dagens straumstøtte framleis lønne seg.

Prøv gjerne Norgespris-kalkulatoren som kan gi deg ein indikasjon på kva som er best for deg.

Kva skjer om eg ikkje vel Norgespris?

Då beheld du automatisk dagens straumstøtteordning.

Må eg byte straumavtale eller straumleverandør?

Nei, både straumavtalen og kundeforholdet ditt held fram som før.

Fleire misforstår, og trur at Norgespris er ein straumavtale. Det er det ikkje. Norgespris er ei straumstøtteordning som du sjølv kan velje om du vil nytte deg av. Om du ikkje vel Norgespris, vil du automatisk halde fram med dagens straumstøtteordning.

Får eg framleis straum og nettleige på same faktura?

Får du straum og nettleige på same faktura frå oss i dag, vil du halde fram med å få det om du vel Norgespris som støtteordning. Enkelt, ryddig og oversiktleg – akkurat slik vi likar det!

Kvar finne eg straumforbruket mitt?

Straumforbruket ditt finn du enkelt på Mi side og i Wattn-appen. 

Kan bedrifta mi bestille Norgespris?

Det kjem an på målepunktet. Er det registrert som hytte/fritidsbustad (forbrukskode 36), kan de ikkje bestille. Er det registrert som hushald (forbrukskode 35), kan de bestille – men ein tilsett med rette rettar i bedrifta må gjere sjølve bestillinga.