

Aktuelt
Spar straum og miljø med støtte frå Enova
Invester i store eller små tiltak som sparar energi og gjer heimen din meir energieffektiv. Spar straum, miljø og pengar med støtte frå Enova. Samtidig bidreg du kanskje også til at Norge når klimamålet?
Enova er eit statlig organ. Dei forvaltar pengar retta mot små og store tiltak som kan hjelpe å nå Norge sitt mål om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. For at vi i Norge skal klare å nå målet vårt, må vi kutte utslepp av klimagassar, bidra til teknologiutvikling og innovasjon, og skape nye verdiar. Difor jobbar Enova for at ny energi- og klimateknologi blir utvikla og tatt i bruk i marknaden.
Alle kan få støtte frå Enova
Alle privatpersonar som investerer i energi- og klimavennlege tiltak som gjer bustaden meir energieffektiv, kan få støtte frå Enova.
Den norske stat ønsker å inspirere og belønne energi- og klimavennlege tiltak heime, enten du oppgraderer bustaden din eller bygger ny. Du kan få støtte til mange energitiltak, til og med støtte til å få kartlagt kva energitiltak som egnar seg best for akkurat din bustad.
Her er nokre av tiltaka du kan få støtte til:
Energirådgivar
Enten du skal bygge nytt, eller oppgradere og pusse opp bustaden din kan det vere smart å engasjere ein energirådgivar. Då får du høyre om moglegheitene som finst, og få råd om kva energitiltak som egnar seg best til akkurat ditt prosjekt.
Væske-til-vatn-varmepumpe
Rundt 60 prosent av straumforbruket i norske heimar går til oppvarming. Væske-til-vatn-varmepumpe er den typen varmepumpe som gir best besparing. Varmepumpa blir òg kalla for sjøvarmepumpe, bergvarmepumpe eller jordvarmepumpe, og brukar energi lagra i sjø, fjell eller jord, til å varme opp vatn til radiatorar eller vassboren golvvarme.
Smart varmtvasstank
Etter oppvarming av bustad, er varmtvatn den største straumtjuven i norske heimar. Ein smart varmtvasstank kan redusere kostnaden for oppvarming av varmtvatn ved å nytte tidspunkta i døgnet når straumprisen er lågast.
Vassboren varme
Skal du renovere bustaden din, eller bygge nytt er vassboren varme framtidas bustadvarme. Vatn vert varma opp med ein varmekjelde og sirkulerer gjennom bustaden via rørsystem i golv eller radiatorar. Med vassboren varme får du jamn, behageleg varme, godt inneklima og føreseielege kostnader.
Nye lågenergivindauge
Skal du renovere eller pusse opp bustaden din, bør du definitivt vurdere å skifte vindauge samtidig. Gamle vindaug «lek varme som ei sil", og nye, moderne vindauge kan redusere varmetapet betydeleg. Har du vindauge frå 1980-tallet, halverer du faktisk varmetapet om du byter til lågenergivindauge.
Etterisoler huset
Har du ein eldre bustad du er glad i og skal skifte kledning, eller renovere, bør du samtidig vurdere å etterisolere tak og veggar. Dette kan vere eit veldig effektivt tiltak for å redusere energikostnadene.
Balansert ventilasjon
Her sørger eit viftesystem for at mellom 80 og 90 prosent av varmen frå den gamle lufta blir overført til ny luft. Systemet fordeler jamnt og ferdig oppvarma luft rundt i bustaden eller hytta. Du bruker difor lite energi på å varme opp den friske og nye lufta som blir tatt inn i bustaden din.
Produser din egen straum
Produser din eigen fornybare straum ved hjelp av sol eller vind. Installer solcellepanel på taket på huset eller hytta di. I periodar der du produserer meir straum enn du sjølv brukar, kan du selge overskotstraumen til oss. Enova gir òg støtte til vindkraftproduksjon.
Smart straumstyring
Her vert sensorar og termostatar kopla til dei viktigaste elektriske hjelpemidla i huset, og videre til ein app. Med smart straumstyring styrer du via appen når for eksempel bilen skal lade, eller når varmtvasstanken skal varme opp meir vatn. Den smarte straumstyringsappen passar på at du ikkje brukar for mykje straum samtidig, då stig nemleg nettleiga. Appen styrer dette automatisk. Dei største straumsluka i huset er oppvarming, elbillading og varmtvasstanken. Smart straumstyring gir deg full kontroll over desse.
Luft-til-luft-varmepumpe – eit eksempel på at Enova fungerer
Eit godt eksempel på at Enova-konseptet fungerer er luft-til-luft-varmepumpa. Då luft-til-luft-varmepumpa kom på marknaden, fekk norske heimar støtte av Enova til å kjøpe slike varmepumper. Kostnaden var høg og etterspurnaden låg. Men støtta bidro til at fleire skaffa seg ei slik varmepumpe. På den måten auka produksjonen, og teknologien blei billigare og meir tilgjengeleg for folk flest. I dag er luft-til-luft-varmepumpa antakeleg det aller mest populære energitiltaket i norske heimar. Prisen er blitt såpass rimeleg at du ikkje lenger får støtte frå Enova til å kjøpe ei luft-til-luft-varmepumpe. I stedet brukar Enova ressursane på andre energiløysingar i heimen som treng drahjelp til å stå på eigne bein.
Lurer du på noko rundt straum eller smart straumstyring?
Send oss ein e-post til hei@wattn.no eller ring oss på 70 10 20 10
Kilder:
https://www.enova.no/privat/
https://www.bt.no/brandstudio/i/r2PK3/her-er-14-klimavennlige-tiltak-som-gir-deg-penger-tilbake