Wattn-profil-gradient-lys

Aktuelt

21. oktober, 2024

Slik gikk det på Charge Awards i Lisboa

Vi har vert i Lisboa der vi var nominert i kategorien "The world’s best green brand" under Charge Awards, og her kan du lese litt om korleis det gikk!

Dessverre gjekk vi ikkje heilt til topps i kåringa, men vi er superstolte over å vere i så godt selskap i ein konkurranse som denne! Vi må også gratulere det portugisiske selskapet Edp, som trekte det lengste strået og gjekk av med sigeren.


Det vi jobbar mot er at kundane våre skal vere meir energieffektive enn gjennomsnittskunden på marknaden. Vi bruker straum til det meste i kvardagen og framover er det behov for mykje meir straum, og derfor må vi bruke straumen smartare. Nominasjonen og anerkjenninga gir oss ekstra motivasjon som vi tek med oss vidare i det viktige arbeidet.

Gratulerer med finaleplassen til alle tilsette og tusen takk til kundar og samarbeidspartnarar! Saman får vi til så mykje meir 💚