

Aktuelt
Lad smart og spar pengar på nettleiga
Mange har opplevd at straumrekninga har blitt høgare – sjølv om straumprisen ikkje har vert spesielt høg. Årsaka kan ligge i korleis du brukar straumen, og ikkje berre kor mykje du brukar. Nettleiga har nemleg fått ein ny modell som gjer at tidspunktet for straumforbruket teller meir enn før.
Kva er nettleige – og korleis fungerer den?
Nettleiga er det du betalar til nettselskapet for å få straum levert heim. Tidlegare betalte alle omlag det same, basert på kor mykje straum dei brukte. I dag består nettleiga av to delar:
1. Eit energiledd – det same for alle.
2. Eit kapasitetsledd – som avheng av kor mykje straum du brukar samtidig.
Det betyr at dersom du ladar bilen, lagar middag og har vaskemaskina i gang samtidig, kan du «hoppe opp» eit trappetrinn i nettleiga – og betale meir. Dei høgaste forbrukstimane i månaden er med på å bestemme kor høgt du hamnar.
Elbillading + middag = dyr time
Elbillading er ofte det som gjer at mange får høgare nettleige. Kjem du heim og setter bilen til lading mens du lagar middag? Då er du ikkje aleine – og dette tidspunktet kan bli dagens dyraste. Å endre den vanen kan utgjere ein stor forskjell.
Slik ladar du smartare – og rimelegare
- Flytt ladingen til tider med lågare forbruk heim
- Bruk smartlading som automatisk tar hensyn til både spotpris og nettleigemodellen
- Følg med i Wattn-appen for å halde oversikt og unngå dyre toppar i forbruket
Det er altså ikkje berre kor mykje straum du brukar som tel – men når du brukar den. Ved å lade elbilen når det ellers er roleg i huset, kan du kutte nettleiga betrakteleg. Smartlading gjer det enkelt, og Wattn-appen gir deg full kontroll.
Nyttige verktøy
📱 Wattn-appen
Wattn-appen gir deg den oversikta du treng for å ta gode val når det kjem til straum og straumforbruk. Med appen i lomma kan du følge med, få varsel og ta grep – akkurat når det løner seg.
Les meir
⚡ WattMeter
Når du koplar til eit WattMeter i straummålaren din, får du live-data rett inn i appen. Du ser korleis forbruket endrar seg. Skrur du av omnen eller setter bilen på lading, ser du utslaget med ein gong. Det gjer det enkelt å oppdage straumtjuvar og ta raske grep.
Les meir
🚗 Smartlading
Aktivera du Smartlading i appen lader elbilen din automatisk når straumen er lågast. Du sparer penger og bidreg til eit jamnare og meir berekraftig straumforbruk.
Les meir