Slik fungerar smartlading
Du kan bruke smartlading enten direkte mot bilen eller via ein ladeboks – heime eller på hytta. Alt du treng å gjere er å kople til ladaren og legge inn i appen når du vil at bilen skal vere klar, for eksempel kl. 07 neste morgon. Deretter sørger smartladinga for at bilen vert lada på dei lågaste timane – heilt automatisk. Det betyr at du:
Sparer pengar
Smartlading følger straumprisen time for time og ladar når straumen er lågast. Slik reduserer du ladekostnadene – utan ekstra innsats.
Belastar straumnettet mindre
Når mange brukar mykje straum samtidig, aukar presset på straumnettet. Smartlading bidreg til å jamne ut forbruket, noko som kan bidra til lågare nettleige for alle over tid.
Får oversikt og kontroll
I Wattn-appen ser du nøyaktig når bilen blir lada og kva det kostar. Du kan også enkelt overstyre planlagt lading om du plutselig treng bilen tidlegare enn forventa.
Kva om du ikkje har smartlading?
Mange elbilar har ein innebygd funksjon for å planlegge lading. Då kan du sjølv følge med på straumprisen time for time og velje å lade når prisen er lågast. Det krev litt meir oppfølging – men er fortsatt eit smart val.