Aktuelt
Kva er prisområde – og korleis påverkar det straumprisen?
Norge er delt inn i fem prisområde, og kvart område får sin eigen spotpris på straum. Kvifor er det slik?
Kvifor finst det prisområde?
Norge er delt inn i fem prisområder, og desse områda gjenspeglar kor mykje straum som blir produsert, blir brukt og kan sendast mellom ulike delar av landet.
Prisområda er satte av Statnett, som eig og driftar det norske straumnettet. Dei har ansvar for å sørge for at straumen flyt dit den trengst – og at nettet blir brukt på ein trygg og effektiv måte.
Prisområda er delt inn slik:
• NO1: Austlandet
• NO2: Sørlandet
• NO3: Midt-Norge
• NO4: Nord-Norge
• NO5: Vest-Norge
Ulik strømpris - slik heng det saman
Det er ikkje alltid at prisforskjellane mellom straumområda er så store, men innimellom kan dei bli merkbare. Då handlar det ofte om kor mykje straum som blir produsert i dei ulike landsdelane – og kor mykje straumnettet klarar å frakte mellom dei.
Tenk deg at det blæs godt i Nord-Noreg, så vindmøllene produserer mykje straum, medan det er nesten vindstille i Sør-Noreg. Då kan det vere meir straum tilgjengeleg i nord enn i sør. I slike periodar med høg produksjon klarar ikkje straumnettet alltid å frakte heile overskotet sørover, og då oppstår det vi kallar flaskehalsar.
Når dette skjer, kan prisane bli ulike frå område til område – til dømes litt lågare der det er mykje produksjon, og litt høgare der tilgangen er mindre. Difor endar vi opp med forskjellige straumprisar i dei ulike prisområda.

Full kontroll i
Wattn-appen
I Wattn-appen kan du sjå kva prisområde du høyrer til. Der kan du også følge spotprisen time for time der du bur. Då får du full oversikt – og kan planlegge straumbruken smartare når straumprisene er lågast.
Appen lastar du enkelt ned i AppStore, eller Google Play.