Wattn-profil-gradient-lys

Teknologi

Elhub

Elhub skal effektivisere kraftmarknaden, og frå februar 2019 vil all handtering av måledata, marknadsprosessar og meldingsutveksling om flytting og opphøyr finne stad på ein plass, i Elhub. Både netteigarar og straumleverandørar får no ein nøytral plass å forholde seg til vedrørande data som skal sendast og hentast, og alle aktørar blir behandla likt

Korleis påvirkar Elhub deg?
Elhub vil gi betre utnytting av potensialet som ligg i dei smarte straummålarane (AMS) for både nettselskap, leverandørar og sluttkundar. Dei smarte straummålarane gir deg betre informasjon om eige forbruk, og gir ei meir nøyaktig avrekning slik at du vert fakturert for ditt faktiske forbruk. Ditt forbruk vert overført til nettselskapet for det aktuelle området du bur i, for deretter å bli sendt inn til Elhub påfølgjande dag. Her vil kraftleverandøren få umiddelbar tilgang på det aktuelle forbruket. Elhub har høgt fokus på sikkerheit, og alle meldingar som vert sendt mellom dei ulike aktørane er krypterte, og tilgong på data er avgrensa. Dette gir deg auka personvern og sikkerheit som kunde.

Elhub Min Side

Elhub Min Side, er den delen av Elhub der du får tilgong til din eigen informasjon om målepunkt med måleverdiar og avtaler. Det er kun du som kan sjå og endre informasjon gjennom Min Side.