Wattn strøm opprinnelsesgaranti fornybar energi

Berekraft

Straum med opphavsgaranti

Vi tilbyr straum med opphavsgaranti der vi garanterar at det vert produsert like mykje fornybar straum som vi sel med opphavsgaranti. På denne måten er bedrifta med på å støtte klimavennlege energiløysingar og sikre produksjon av fornybar kraft.

Opphavsgaranti - ei merkeordning for elektrisitet
Opphavsgaranti blei innført med EU sitt fornybardirektiv i 2001, for å gje oss moglegheit til å velge mellom fornybar straum og ikkje-fornybar straum. Ein kan forklare det som ei slags merkeordning for elektrisitet, der ein viser til at ei mengd straum er produsert frå ei spesifikk energikjelde. Ved kjøp av opphavsgarantiar kan både bedrifter og privatpersonar vise til at det vert produsert like mykje fornybar straum som det dei brukar. Ved kjøp av opphavsgarantiar aukar ein etterspørselen etter fornybar straum, som igjen aukar produksjonen av nettopp fornybar straum.

Straum er ferskvare
Straum må brukast med ein gong. Den kan ikkje lagrast. Kva straum vi til ei kvar tid brukar, er derfor avhengig av kva straum som er tilgjengelig der og då. Nokon gongar sørger velfylte vassmagasin for at så og sei all straumen i stikkontakta di er fornybar. Andre gongar, ofte på grunn av lite nedbør, må vi importere straum frå andre land, og då gjerne gjennom energikjelder som kol og naturgass. Gjennom kjøp av opphavsgarantiar kan du påverke straumprodusentane til å produsere meir straum frå fornybare kjelder.

  • Ved kjøp av opphavsgaranti støttar du klimavennlege energiløysingar
  • Du bidreg til auka fokus og etterspurnad etter produksjon av fornybar energi
  • Du kan dokumentere bedrifta sitt miljøansvar og rapportere lågare karbonavtrykk
Wattn-bedrift-KAM-Marius

Marius Løseth Hauge

KAM

91 18 41 59marius.hauge@wattn.no

Vi tilbyr sertifikat som bekreftar investering i opphavsgarantiar og fornybar kraftproduksjon - heilt ned til spesifikke kraftverk.

Ta kontakt med din rådgivar for meir informasjon.