Wattn kundehistorier johan giske odegard 1

Kundehistoriar

Johan Giskeødegård AS - Energisnill klippfisk

Johan Giskeødegård AS har tatt ei rekkje smarte miljøgrep og produserer no tre gongar meir klippfisk utan å bruke meir straum.

I veggane sit det lange tradisjonar og det er rekkjer av generasjonar hos Johan Giskeødegård AS. I over 80 år har firmaet produsert kvalitetsfisk; klippfisk og saltfisk. Grunnprinsippet har vore det same sidan vikingtida; salt og luft, men det er for vågalt å satse på at naturen på Nordvestlandet skal sørge for passe mengder sol og stabil tørkevind. Klippfiskindustrien har flytta innandørs til «kunstig vind» frå gigantiske tørkevifter. Det krev straum. Mykje straum.

Likevel har klippfiskprodusenten på Valderøya utanfor Ålesund no greidd kunststykke å produsere tre gongar meir fisk utan at dei har auka forbruket av energi. Dagleg leiar i selskapet, Johan Giskeødegård fortel at det største og kanskje viktigaste grepet vart teke midt på 2010-talet.

Då vart vi dei første i verda som henta tørketeknologi frå kjøtbransjen og tok i bruk til tørking av fisk.


Den nye teknologien gjer det muleg for bedrifta å styre tørkinga og energiforbruket på ein smartare måte.

Vi har lært og utvikla, systematisert og styrt forbruket, og no kan vi tørke tre gongar meir fisk med same energibruk som vi gjorde før.

Pionerar og satsing for framtida
Johan Giskeødegård AS tok den store investeringa i nytt tørkeri i samband med utbygging. Då fekk ein også tilpassa bygget til det nye anlegget frå starten av slik at ein slapp ombyggingskostnader. I tillegg fekk dei som pionerprosjekt god støtte av ulike samarbeidspartnarar som Innovasjon Norge. Og når den nye tørketeknologien er på plass, så held den nede både straumforbruket og straumkostnadene.

Monica Solhjem er kvalitetsleiar i Johan Giskeødegård AS. Ho fortel at sjølv om dette er ei familiebedrift frå 1938, så er dei stadig opptekne av å utvikle seg.

Vi må følgje med i tida skal vi ha ei framtid. Og når ein tek store steg som utbygging, så er det ekstra viktig å tenke seg nøye om.



Johan Giskeødegård AS leverer godt over 20 millionar måltid klippfisk og saltfisk til heile verda. Fisken frå Valderøya ligg på tallerkenen til kvardags og fest i Sør-Amerika, Mellom-Amerika, Afrika og Sør-Europa.



Nettverk for nysgjerrigheit og nytte
Johan Giskeødegård har vore med i bedriftsnettverket EnergiArena i fleire år.

Gjennom nettverket har vi fått høyre om gode eksempel frå andre bedrifter. Det har gjort oss nysgjerrige og bevisste på kva mulegheiter som finst, og slik har vi gjort grep som sparer energi på mange felt.

Ein gjennomgang av bedrifta frå Energiråd har også vore med på å gi tips og retning for miljøarbeidet.

Den store straumspararen er den nye tørketeknologien, men her får dei også ekstra nytte gjennom bevisst, systematisk og styrt forbruk. Mellom anna bruker dei utelufta, frisk sog rein sunnmørsvind, når utelufta har dei rette kvalitetane. Då slepp ein å bruke energi til å behandle lufta.

Miljøsertifisering og marknadskrav
I tillegg er alt av lys led-lys som blir styrte av sensorar. Og truckane på anlegget er elektriske. Steg for steg har bedrifta vorte ikkje berre ei energieffektiv bedrift, men også ei miljøbedrift. Belønninga kom nyleg i form av ISO-sertifisering.

Det er eit resultat av kontinuerleg arbeid der vi har jobba med alt frå lyspærer til avfallshandtering og reinsing av prosessvatnet vårt. Sjølv om vi har ein tradisjonell marknad i land der ein foreløpig ikkje etterspør dette, så ser vi allereie at supermarknadene i Europa etterspør miljøsertifisering og dokumentasjon, så her må ein vere klar.

Camilla Blom 72dpi

Camilla Blom

Leiar Bedriftsmarknad

41 59 77 05camilla.blom@wattn.no
Energiarena nerdeg

EnergiArena
nær deg

EnergiArena er ein møteplass for næringslivet med fokus på smart og berekraftig energibruk. Les meir, og sjå tid og stad for vår neste nettverkssamling.

Gå til EnergiArena