Wattn bedrift

FAQ Bedrift

Straum

Er straumen dykkar fornybar?

Dessverre kan ingen straumselskap kontrollere kvar straumen i stikkontakta kjem frå. I Noreg vert straumen i hovudsak produsert av fornybare kjelder som til dømes vasskraft, vindkraft og solenergi, men den kan også innehalde gasskraft, kolkraft og atomkraft. Årsaka til dette er at vi er avhengig av å importere straum frå landa rundt oss.

Om du ønskjer det kan du kjøpe opphavsgarantiar på straumen bedrifta di brukar. Dette er ei tilleggsavtale til den ordinære straumavtalen til bedrifta. I Wattn kjøper vi opphavsgarantiane våre frå lokale vasskraftverk.

Kva straumavtalar tilbyr dykk for bedrifter, og korleis blir eg kunde?

Vi kan tilby ulike straumavtalar: spotpris, forvaltning og sikring. Kva straumavtale som passar best, kjem an på storleiken og forbruket til bedrifta di.

Kontakt ein av rådgivarane våre for å finne ut kva avtale som passar best til bedrifta di og deira forbruksmønster. Nye bedriftskundar blir kredittvurderte.

Korleis finn eg forbruket til bedrifta mi?

Ved å logge deg inn i Bedriftsportalen vår, finn du oversikt over straumforbruket til bedrifta di. Har du ikkje fått tilgang til Bedriftsportalen er det berre å kontakte oss så ordnar vi det.

Korleis endrar eg straumleverandør til Wattn?

Dette fiksar vi for deg! Dersom du ikkje har bindingstid hos den gamle straumleverandøren ordnar vi dette i løpet av eit par dagar.

Nye bedriftskundar vert kredittvurdert.

Korleis blir eg plusskunde?

Som plusskunde brukar du straumen du sjølv produserer, men får levert straum frå oss når du ikkje klarar å produsere nok sjølv. Produserer du meir straum enn du brukar vert straumen seld direkte til oss. Vi kjøper då overskotskrafta til kraftbørsen Nordpool sin spotpris i gjeldande prisområde time for time minus eit «påslag» på 2 øre/kWh eks mva.

Er du straumkunde med oss på anlegget frå før får vi automatisk melding av nettselskapet når målepunktet er registrert som eit plusskundemålepunkt, sal av overskotskraft går då til fråtrekk på faktura frå oss.

Har bedrifter rett på straumstøtte?

Alle straummålarar som er registrert med sluttbrukargruppe «35 – Husholdning» får same straumstøtte uavhengig av om sjølve straumavtalen er til bedrift- eller privatbruk. Dersom straummålaren er registrert med feil sluttbrukargruppe kontakt nettselskapet då det er nettselskapet som administrerer straumstøtteordninga til private hushald og sameige/burettslag.

Aktive jordbruks- og veksthusforetak må sende søknad til Landbruksdirektoratet om straumstøtte.

Frivillige lag og organisasjonar må sende søknad til Lotteri- og stiftelsestilsynet om straumstøtte.

Faktura

Tilbyr Wattn EHF-faktura for bedrifter?

Ja, alle bedrifter som er registrert i Peppol-registeret kan opprette EHF-faktura.

Kan Wattn tilby gjennomfakturering av nettleige?

Vi har avtale om gjennomfakturering med fleire ulike nettselskap. Det vil seie at dei aller fleste av bedriftskundane våre får nettleige og straum samla på fakturaen sin. Du treng ikkje gjere noko sjølv, dette skjer automatisk. Dei nettselskapa vi har avtale med for bedriftskundar er:

  • BKK AS
  • Elinett AS
  • Elvia AS
  • Fagne AS
  • Fjellnett AS
  • Linja AS
  • Linea AS
  • Mellom AS
  • Norgesnett AS
  • Sygnir AS

Kvar finn eg kopi av faktura?

Du finn kopi av alle fakturaer tilbake til 2019 ved å logge deg inn på Bedriftsportalen.

Korleis finn eg forbruket til bedrifta mi?

Ved å logge deg inn i Bedriftsportalen vår, finn du oversikt over straumforbruket til bedrifta di. Har du ikkje fått tilgang til Bedriftsportalen er det berre å kontakte oss så ordnar vi det.

Tilbyr Wattn fakturakontroll/energirevisjon?

Ja, det gjer vi. Fakturakontroll eller energirevisjon er ein gjennomgang av straumrekninga for å sjekke om nettleiga er fakturert rett i forhold til gjeldande prisar og tariffar. Dette er ei teneste vi tilbyr alle kundane våre gratis.

Korleis kan eg betale faktura frå utanlandsk bank?

Når du skal betale frå utlandet, treng du IBAN og BIC/Swift nummer.

IBAN (International Bank Account Number) er ein internasjonal standard for kontonummer, og BIC/Swift (Bank Identifier Code) identifiserar banken.

For å betale faktura frå utanlandsk bank, har Wattn AS følgjande kodar:

Bank: Nordea Bank AS
Elektronisk IBAN-kontonummer: NO1660790631229
BIC/Swift: NDEANOKK

Når sender de ut faktura?

Produksjon av faktura kan variere frå månad til månad av ulike årsaker.

For kundar utan gjennomfakturering av nettleige startar vi utsending av faktura i løpet av dei første dagane etter månadsskiftet.

For kundar med gjennomfakturering av nettleige sender vi faktura så snart nettleigefaktura er motteke. Dersom vi ikkje har motteke nettleigefakturaen innan den 15. i kvar månad sender vi faktura for straumleveransen for seg sjølv og deretter nettleigefakturaen i ettertid så snart den er motteke.

Kvar finn eg kopi av faktura?

Du kan laste ned fakturakopiar i Bedriftsportalen vår heilt gratis. Kontakt kundesenteret på tlf 70 10 20 10 eller e-post til bedrift@wattn.no dersom du ikkje har brukar til Bedriftsportalen.

Utsending av fakturakopiar til rekneskapsførar kan medføre gebyr. I Bedriftsportalen kan du legge inn rekneskapsføraren din som brukar for kostnadsfri nedlasting av fakturakopiar for å unngå dette gebyret.

Korleis henter eg ut kontoutskrift/kontoutdrag?

Send oss ein e-post til bedrift@wattn.no

Kan bedrifter få eFaktura i nettbanken?

Etter at bankane innførte den nye eFaktura-ordninga i mai 2022 er det ikkje alle bankar som tilbyr eFaktura til sine bedriftskundar lenger. eFaktura skal i utgangspunktet nyttast for fakturering av privatkundar.

Har du bedriftskonto i ein bank som tilbyr eFaktura til bedrift må de no aktivere «Ja takk til alle»/ «Alltid eFaktura» i bedriftsnettbanken for å kunne opprette eFaktura. Dersom de ikkje har bedriftskonto eller bedriftsnettbank ta kontakt med banken for å sjekke kva som er mogleg for dykk.

Dersom eFaktura ikkje er mogleg kan vi opprette e-postfaktura eller EHF-faktura dersom bedrifta er registrert i Peppol-registeret.

Kvifor må vi betale fakturagebyr når vi har avtalegiro?

Avtalegiro i seg sjølv er ikkje ein elektronisk betalingsmåte, men ein avtale mellom dykk og banken om automatisk trekk. Vi er pliktig til å varsle kundane kva som vert trekt, og utan ein elektronisk betalingsmåte vert fakturaen sendt i posten, noko som medfører fakturagebyr. For å unngå fakturagebyr kan vi sende fakturaen per e-post. Avtalegiro vil fortsatt gå som normalt.

Har bedrifter rett på straumstøtte?

Alle straummålarar som er registrert med sluttbrukargruppe «35 – Husholdning» får same straumstøtte uavhengig av om sjølve straumavtalen er til bedrift- eller privatbruk. Dersom straummålaren er registrert med feil sluttbrukargruppe kontakt nettselskapet då det er nettselskapet som administrerer straumstøtteordninga til private hushald og sameige/burettslag.

Aktive jordbruks- og veksthusforetak må sende søknad til Landbruksdirektoratet om straumstøtte.

Frivillige lag og organisasjonar må sende søknad til Lotteri- og stiftelsestilsynet om straumstøtte.

Kva betyr overforbruk og underforbruk på fakturaen?

Har du ein straumavtale der du sikrar delar av volumet vil sikringsvolumet per månad verte likt fordelt mellom alle timane i månaden. Dersom forbruket avviker frå det avtalte volumet i kvar enkelt time, vil dette vise som over- og underforbruk på fakturaen.

Har bedrifta brukt meir enn det avtalte sikringsvolumet, såkalla overforbruk, vert dette fakturert til gjeldande spotpris.

Har bedrifta brukt mindre enn det avtalte sikringsvolumet, såkalla underforbruk, vert differansen lagt til på fakturaen. Dersom spotprisen er lågare enn sikringsprisen vil dette føre til eit pristillegg. Dersom spotprisen er høgare enn sikringsprisen vil dette gi ein prisreduksjon.

Bedriftsportalen

Kva er Bedriftsportalen?

Bedriftsportalen er bedrifta si «Mi side» og gir deg god innsikt og full kontroll over energikostnadane på ein plass. I Bedriftsportalen får du all informasjon om straumforbruket til bedrifta di presentert på ein brukarvenleg måte. Du vel sjølv kva som er relevant for deg. Portalen er enkel i bruk, både til å sjekke siste faktura og forbrukshistorikk, men også som eit komplett styringsverktøy for energileiing i praksis. Bedriftsportalen er vårt viktigaste verktøy for å gje deg kontroll på straumforbruket. Her får du oversikt over:

  • Forbruk og kostnadar
  • Kraftforvaltning og framtidsprisar
  • Bedrifta sitt karbonavtrykk
  • Skreddarsydde rapportar
  • Straumforbruk og kostnad i sanntid, med ein sanntidsmålar

    Du kan lese meir om Bedriftsportalen her.

Korleis loggar eg inn i Bedriftsportalen?

Du loggar inn i Bedriftsportalen med e-postadresse og passord. Første gong du loggar på må du trykke på «gløymt passord». Då får du tilsendt ein e-post med eingongskode; legg inn denne koda og opprett det passordet du sjølv ønskjer. Neste gong du loggar inn kan du bruke det passordet du valgte sjølv. Har du ikkje fått informasjon frå Wattn til e-postadressa di med informasjon om registrert brukar ta kontakt med oss så ordnar vi dette for deg.

Korleis finn eg forbruket til bedrifta mi?

Ved å logge deg inn i Bedriftsportalen vår, finn du oversikt over straumforbruket til bedrifta di. Har du ikkje fått tilgang til Bedriftsportalen er det berre å kontakte oss så ordnar vi det.

Kan vi opprette fleire brukarar i Bedriftsportalen?

Brukarar med systemadministrator-rolle kan både legge til og fjerne brukarar. Dette gjer de via «innstillinger» og «brukere» i Bedriftsportalen. For å legge til brukar trykk på +-teiknet. For å redigere eller eventuelt slette brukarar trykk på blyant-teiknet etter brukarnamnet.

Kan vi få effektvarsling i Bedriftsportalen?

Ein sanntidsmålar viser straumforbruket til bedrifta di i sanntid. Aktiverer du effektvarsling har du høve til å redusere forbruket før du treff ein effekttopp. For å ta i bruk tenesta må du ha ein sanntidsmålar kopla til hovudstraummålaren. Bestill sanntidsmålar her.

Er det mogleg å få ein demo av Bedriftsportalen?

Er du ikkje kunde endå, men ønskjer å sjå kva bedriftsportalen er? Vi sender deg gjerne ein link til demo. Fyll ut kontaktskjemaet vårt her.

Flytting og oppseiing

Bedrifta skal flytte til nye lokale, kva gjer vi med straumen?

Det er mykje å tenke på når de skal flytte, men det er enkelt å ta med seg straumen frå Wattn på flyttelasset. Ved flytting må straumavtalen avsluttast eller vidareførast til ny adresse. Kontakt oss på tlf 70 10 20 10 eller send ein e-post til bedrift@wattn.no, så ordnar vi dette for dykk med ein gong.

Ved flytting til ny adresse må vi ha nytt målarnummer/målepunkt-ID for å kunne bestille ny straumavtale.

Korleis seier vi opp straumavtalen vår?

Ved oppseiing på grunn av flytting vil tidlegaste oppseiingsdato vere 2 dagar fram i tid. Kontakt oss difor i god tid før de flyttar. Vi seier då opp både straumavtalen og nettleiga hos netteigar. Sidan netteigar då manglar kunde på anlegget vil netteigar stenge straumen innan kort tid.

Vi har allereie flytta ut, kven skal vi gi beskjed til?

Dersom de allereie har flytta ut og har gløymt å seie opp straumavtalen, må de sørge for at huseigar eller eventuelt ny leigetakar bestiller straum frå den datoen de flytta ut. Overføring av straumavtale kan ikkje utførast meir enn 30 dagar tilbake i tid.

Vi kan seie opp straumavtalen (både straum og nettleige), men dette vil då gjelde minst 2 dagar fram i tid.

Ved utleige, korleis overfører vi straumavtalen?

Har du ein leigetakar som flyttar inn og skal overta straumavtalen må leigetakaren enten kontakte oss eller den straumleverandøren vedkomande ønskjer for å ordne med oppretting av straumavtale. De kan også fylle ut og returnere dette overtakingsskjemaet. Leigetakar vil då få straumavtale frå Wattn.

Har du ein leigetakar som flyttar ut og straumavtalen skal overførast tilbake til bedrifta kan de fylle ut same skjema som ovanfor eller sende oss ein e-post.

Overføring av straumavtale kan ikkje utførast meir enn 30 dagar tilbake i tid.

Vi har eit anlegg der straumen skal stengast, korleis avsluttar vi straumavtalen?

Det er kun netteigar som kan kople frå/stenge straumen til eit anlegg. Kontakt netteigar for å bestille dette. Netteigar sender opphøyrsmelding til oss slik at vi får sendt ut sluttfaktura.

Wattomat

Kva er Wattomat?

Wattomat er ei digital straumtavle som gir deg betre oversikt over straumforbruket ditt og dei stadig meir varierande straumprisane. Tenesta kan du sette opp heime eller på arbeidsplassen, og den er gratis i bruk.

Wattomaten er mogleg å bruke på ulike flater som TV, PC-skjerm, nettbrett eller mobiltelefon ved å gå inn på wattomat.wattn.no eller ved å laste ned appen «Wattomat» på Google Play eller Appstore. Du kan lese meir om Wattomat Bedrift her.

Korleis loggar eg meg på Wattomaten?

Du loggar på med same brukarnamn og passord som du har til Bedriftsportalen. Første gong du loggar på Bedriftsportalen må du trykke på «gløymt passord». Då får du tilsendt ein e-post med eingongskode; legg inn denne koda og opprett det passordet du sjølv ønskjer. Neste gong du loggar inn kan du bruke det passordet du valgte sjølv. Har du ikkje fått informasjon frå Wattn til e-postadressa di med informasjon om registrert brukar ta kontakt med oss så ordnar vi dette for deg.

Sanntidsmåler

Kan vi få effektvarsling i Bedriftsportalen?

Ein sanntidsmålar viser straumforbruket til bedrifta di i sanntid. Aktiverer du effektvarsling har du høve til å redusere forbruket før du treff ein effekttopp. For å ta i bruk tenesta må du ha ein sanntidsmålar kopla til hovudstraummålaren. Bestill sanntidsmålar her.

Korleis bestiller vi sanntidsmålar?

Du kan legge inn bestilling på sanntidsdata her. Etter bestilling er det viktig at du kontaktar nettselskapet for å opne HAN-porten på straummålaren slik at det er klart for montering av sanntidsmålar når denne kjem i posten.

Kor lang leveringstid er det på sanntidsmåler?

Det tar omlag 3-7 dagar frå du bestiller til du får sanntidsmåleren i posten.

Kvifor må vi betale for måling av sanntidsdata?

Sanntidsdata er ei tilleggsteneste som gir dykk sanntidsdata på forbruket. Eingongskostnaden dekker sjølve sanntidsmålaren og månadskostnaden er knytt til å hente, lagre, vise og behandle desse dataene i vår skyløysing.

Vi har valt å bruke 4G då dette gir oss førehandsprogrammerte sanntidsmålarar. Har de ikkje 4G-dekning kan vi tilby wifi-tilkopling, men prisen vil vere den same. Det er kostnadar i skyløysingane våre og behandling av data som utløyser månadskostnaden, ikkje kostnadar knytt til 4G/wifi.

Kor ofte blir det sendt sanntidsdata?

Det vert sendt inn data kvart 10. sekund gjennom heile døgnet.

Kvifor ser eg ikkje sanntidsdata i Bedriftsportalen?

For å ta i bruk tenesta må du ha ein sanntidsmålar kopla til hovudstraummålaren. Sanntidsdata vil då vise under «Forbruk – Forbruk i sanntid» i Bedriftsportalen.

Sjekkliste dersom data ikkje viser i Bedriftsportalen:

  1. Har du opna HAN-porten hos nettselskapet ditt? Du treng ikkje alltid ringe i kontortida for dette, mange nettselskap tilbyr elektroniske skjema for opning.
  2. Har sanntidsmålaren vore tilkopla i minst 10 minutt og over natta? Dette for at nattleg synkronisering mot målarnummeret blir utført.
  3. Lys ved oppkopling: Sanntidsmålaren skal ikkje lyse ved vanleg drift.

Blinkande gult: ladar opp

Blinkande raudt: forsøker å kople på nett

Blinkande blått, kan då ha for lite straum, kople til USB-ladar

Lyser grønt: klarte å kople seg opp på nett

Lys av: er på nett

  1. Er kabelen plugga skikkeleg i HAN-porten og i sanntidsmålaren? Ta ut og inn igjen, du skal høyre eit tydeleg klikk.
  2. Har du Telenor dekning der sanntidsmålaren står? Sanntidsmålaren bør ikkje koplast opp på innsida av sikringsskapet, men strekkast med leidninga til utsida av skapet slik at metallet i sikringsskapet ikkje skapar dårleg dekning. Den flate kabelen kan ofte strekkast ut av hjørnet på døra eller liknande.
  3. Du må også ha 4G-dekning med Telenor LTE der sanntidsmålaren står (det er ikkje nok med taledekning, det må vere 4G datatrafikk).

Mogleg løysing: Bruk ein vanleg nettverkskabel og flytt sanntidsmålaren til ein plass med betre dekning.

  1. Gir ikkje straummålaren nok straum til sanntidsmålaren? Dette kan sjå ut til å vere tilfelle hos nokre Kamstrup-målarar.

Mogleg løysing: Kople til ein Micro-USB ladar til sanntidsmålaren. Om du har dette tilgjengeleg, anbefaler vi dette uansett.

  1. Om du framleis ikkje har kontakt, kan du prøve å resette sanntidsmålaren ved å trykke inn den vesle knappen med ein penn i minst 5 sekund til LED-lyset på framsida blir grønt.
  2. Dersom det framleis ikkje er ei løysing, kan ein siste utveg vere å prøve å slå av hovudbrytaren, vente nokre minutt og deretter slå den på igjen. Det har vist seg at HAN-porten kommuniserer betre etter omstart av AMS-målaren i enkelte tilfelle.
  3. Siste punkt vil vere å sjekke med netteigar at HAN-porten faktisk har blitt opna eller om det kan ha skjedd ei misforståing, eller at det er problem med AMS-målaren.

Dersom du har prøvd alle desse punkta og framleis ikkje lykkast, ta kontakt med oss, slik at vi kan vurdere om du bør bytte til ein annan type sanntidsmålar.

Finn du ikkje svar på det du lurer på? Kontakt oss!

Bedriftsradgiver David Jorgensen Wattn

David Jørgensen

Bedriftsrådgivar, ansvarleg elbilladar bedrift/burettslag

97 34 05 14david.jorgensen@wattn.no
Wattn-bedrift-Bedriftsrådgiver-Camilla

Camilla Kristin Jensholm

Kundekonsulent bedrift

70 10 20 18camilla.kristin.jensholm@wattn.no