Rune Jelle Slenes topp

Aktuelt

Rune skal hjelpe bedrifter med smart energibruk

Bedrifter står for store delar av det totale energiforbruket i Norge og skal vi løyse straumkrisa og nå klimamåla, må vi energieffektivisere. Derfor har vi styrka bedriftsteamet vårt, og tilsett Rune Jelle-Slenes.

I Wattn vil Rune hjelpe bedriftskundane med rådgiving innan smart energibruk og ha ei sentral rolle inn mot miljøprogrammet EnergiArena. Rune kjem frå Enøk-senteret der han har fleire år med erfaring som seniorrådgivar for energi og miljø.

Eg gler meg til å fortsette å hjelpe bedrifter i arbeidet med energieffektivisering, og ikkje minst vere ein del av dette laget.
I dei næraste åra (les; nye EU direktiv) ligg det ann til at mange bedrifter må rapportere på energiforbruk og klimagassregnskap, enten som leverandør eller kunde. Eg håpar mange ser sitt snitt til å være «på ballen», for å få oversikt, samt gjere tiltak for å få ned forbruket sitt og auke konkurranse-evna si. Det er ikkje lenge til den første samlinga mi i Energiarena, noko eg ser fram til, seier Rune Jelle-Slenes.

Rune vil tilføre bedriftsteamet verdifull kompetanse og erfaring frå blant anna energileiing, ENØK-rådgiving, energimerking og «Breeam In-Use sertifisering» av bygg, energiovervaking, klimagassrekneskap og LCA berekningar.


Rune Jelle-Slenes og Camilla Blom
Rune Jelle-Slenes og Camilla Blom


Det er flott å ha fått Rune med på laget. Kompetansen han kjem med gjer at vi no kan tilby bedrifter ei komplett løysing på smart energibruk innan energiovervaking og automasjon, kraftforvaltning og marknadsrådgiving, berekraft og ENØK,
seier Camilla Blom, leiar for bedrift i Wattn.

Ta kontakt med Rune, eller ein av våre andre rådgivarar for å sikre dei beste løysingane for bedrifta di!