Wattn bedrift kundehistorier Lefdal Mine 1

Kundehistoriar

Lefdal Mine - Låg pris, høgt servicenivå

- Kvaliteten på straum er den same, så det kokar ned til eit prisspørsmål. I tillegg til god service. Det seier administrerande direktør i Lefdal Mine Datacenter, Jørn Skaane.

Skaane fortel dei hadde ei prisrunde med fleire leverandørar i vår, men at dei landa på å halde fram med Wattn. - Det var Wattn som var best. Wattn strekte seg langt, så vi har fått ein veldig god avtale på spotpris, som er den prisavtalen vi treng no.

Billeg kraft

Lefdal Mine Datacenter ligg i ei gamal gruve langs fjorden midt mellom Nordfjordeid og Måløy. Der er det 120.000 kvadratmeter med plass tilgjengeleg til å lagre og prosessere data for selskap frå heile verda. I dag har datasenteret kontraktar på rundt ti megawatt. Allereie i løpet av det komande året kan det bli dobla, og det er også planar for vidare vekst. - Vi ser at vi har perfekt plassering både i Norge og i Europa. Vi har billeg straum samanlikna med både resten av landet og ikkje minst kontinentet, og det er straum frå rein og fornybar vasskraft.

Merkar krav om fornybar kraft
Jørn Skaane seier at det tidlegare har vore mykje prat om fornybar energi, men at Lefdal Mine Datacenter no merkar at kundane krev grøne løysingar både fordi dei igjen skal selje til kundar som etterspør grøne løysingar og fordi det har kome meir formelle krav til berekraft mellom anna frå EU. - Det er ikkje lenger noko spørsmål. Det skal vere berekraftig og fornybart.

Lefdal mine
Det er store dimensjonar på datasenteret, og i dag har dei kontraktar på rundt ti megawatt, men allereie i løpet av det komande året kan det bli dobla, og det er også planar for vidare vekst. (Illustrasjon: Lefdal Mine Datacenter)



God service og personkjemi

Lefdal Mine Datacenter ligg så nær fjorden at dei kan kjøle med sjøvatn. Det er energieffektivt. Dei får billeg og grøn kraft frå Wattn. Og dei ligg like ved både store kraftproduksjonsanlegg og den største kraftlinja gjennom Vestlandet. Alt som gjeld teknisk infrastruktur knytt til kraftforsyning er lagt til rette på best muleg måte. Men i tillegg kjem den menneskelege faktoren. - Når vi har kontrakt med Wattn, så handlar det sjølvsagt om pris, men god service og personkjemi må også vere på plass. Og der er vi veldig fornøgde. Dei svarer alltid på telefonen, gir god service og oppfølging.