Aktuelt
IP Huse: Kvalitet i alle ledd
Hos IP Huse er det kvalitet, presisjon og innovasjon som har vore styrande for utviklinga i selskapet i over 100 år. Som ein leiande aktør innan design og produksjon av vinsjesystem for offshoreindustrien, har dei alltid hatt eit blikk for framtida.
Eit auka fokus på berekraft gjorde at dei såg behovet for å styrke kompetansen sin innan rapportering og valde derfor å delta på vår Bootcamp i berekraftsrapportering. Etter to intensive dagar på bootcamp spurde vi Veronica Norvoll Longva, som er kvalitetsleiar i bedrifta, om korleis det hadde gått.
Kva var bakgrunnen for å melde dykk på bootcampen?
– Bakgrunnen for at vi melde oss på var at vi ønsker å bli sterkare innan feltet berekraft. Krava frå CSRD vil treffe oss etter kvart, og vi ser derfor verdien av å ha komme i gang med berekraftsrapporteringa. I tillegg er det noko heilt anna å få delta i ein workshop, enn reine teoretiske kurs.
Korleis opplevde de innhaldet og gjennomføringa av bootcampen?
- Innhaldet var godt og logisk presentert, med solid fagleg kunnskap. I tillegg hadde TILT Lab ei formidlingsevne som gjorde det veldig interessant.
Kva var det beste med bootcampen?
– Det beste med bootcampen var å få utarbeidd sjølve innhaldet i berekraftsrapporten vår, i samsvar med NSRS-standarden. Det å lære seg å hente faktorar for utrekning, og det å få eit rekneark for dette, synest vi var veldig positive. Vi vart utfordra på korleis vi skulle beskrive metodar for innhenting av data, tiltak vi utfører og formulere det som allereie er på plass. Dette var ei god øving.
I tillegg fekk vi eit visuelt verktøy og ein index som vi enkelt kan bygge vidare på. Ein annan ting som også gav stor verdi var å få diskutere ulike utfordringar og hjelpe kvarandre, og ikkje minst det å få prøve og feile saman.
Har deltakinga endra måten de jobbar med berekraft på?
- Det har auka fokuset vårt på berekraft, og vi prøver å formidle det vi jobbar med ut i organisasjonen. Berekraft har blitt eit fast punkt på møta for avdelingsinformasjon per kvartal, og målet er å jobbe jamleg med berekraft framover.
Vil de anbefale bootcampen til andre bedrifter, og i så fall kvifor?
- Ja! Det er eit veldig god løft for å komme i gang. Du får ei oversikt og forklaring på sentrale reguleringar og kva som kjem etter kvart. Dei dyktige kurshaldarane har kunnskap som bidreg til å svare ut sjølv dei vanskelegaste spørsmåla.
Relevante artikler
Berekraftsrapportering oppå alt anna
Aktuelt
Når dagane, vekene og månadane er fulle av å gi økonomisk rådgiving, kundebesøk, fakturering, lønnskøyring og mykje meir er det utfordrande å setje av tid til å starte med berekraftsrapportering. Samtidig ser dei tilsette at krava til berekraft og berekraftsrapportering til næringslivet aukar, og i det ligg det moglegheiter.
Fra ISO 14001 til bootcamp i berekraftsrapportering
Aktuelt
Berekraft er eit veldig breitt felt som kan vere utfordrande å navigere i, sjølv for dei som har teke mange viktige miljøgrep. I ein hektisk kvardag er det ofte ikkje tid til å nerde ned i detaljane som vil auke forståinga for dei oppgåvene ein skal til å løyse.