Aktuelt
Fra ISO 14001 til bootcamp i berekraftsrapportering
Berekraft er eit veldig breitt felt som kan vere utfordrande å navigere i, sjølv for dei som har teke mange viktige miljøgrep. I ein hektisk kvardag er det ofte ikkje tid til å nerde ned i detaljane som vil auke forståinga for dei oppgåvene ein skal til å løyse.
I oktober arrangerte vi vårt første Bootcamp i berekraftsrapportering for små og mellomstore bedrifter. Ein av deltakarane var klippfiskprodusenten Johan Giskeødegård AS, som held til på Valderøya utanfor Ålesund. Dei har teke ei rekke smarte miljøgrep, mellom anna at dei no produserer tre gonger så mykje klippfisk utan å bruke meir straum. I 2021 vart dei ISO14001 sertifiserte.
Vi tok oss ein prat med Silje, Quality Manager i Johan Giskeødegård AS, for å høyre med dei korleis dei opplevde bootcampen og kva verdi det gav.
Silje, kan du fortelle litt om bakgrunnen for å melde seg på Bootcamp i berekraftsrapportering?
- For oss var det eit ønske om å få skikkeleg opplæring i å lage ein berekraftsrapport og forstå prosessen bak dette betre. Vi har lenge hatt eit ønske om å styrke rapporteringa vår på berekraft, men mangla litt innsikt i korleis vi skulle gå fram.
Kjekt å høyre, då forstår jo eg at bootcampen var midt i blinken. Korleis opplevde de innhaldet og gjennomføringa av bootcampen?
- Det var kjempebra innhald og veldig dyktige foredragshaldarar. Dei formidla stoffet på ein måte som gjorde det forståeleg og motiverande, men det var litt intensivt til tider. Vi kunne kanskje hatt litt fleire pausar undervegs for diskusjon og refleksjon.
Takk for ærleg og nyttig feedback! Bootcamp er heftig – men dette skal vi absolutt notere oss for framtidige samlingar! Kva var det beste med bootcampen, synest du?
- Engasjementet til foredragshaldarane! Dei fekk verkeleg med seg alle saman. Det var ei utruleg motiverande oppleving – vi sat igjen med ei kjensle av «dette klarer vi!». Det er gull verd å gå frå ein bootcamp og føle at oppgåva er overkommeleg.
Det var kjekt å høyre! Det var jo som vi snakka om på samlinga, viktig å berre komme i gang. Ta steg for steg. Har deltakinga på bootcampen endra måten de jobbar med berekraft?
- Eigentleg ikkje, men vi har fått fleire tips om korleis vi kan vidareutvikle berekraftsfokuset vårt. Vi har allereie ISO 14001-sertifisering og jobbar mykje med miljøtiltak. Berekraft er på ein måte ei utviding av dette for oss, og bootcampen hjelpte oss å forstå korleis vi kan integrere berekraftsarbeidet endå betre i det eksisterande arbeidet vårt.
Det er jo veldig bra! Er det slik at de har sett i gang nokon nye tiltak etter bootcampen?
- Nei, men det er hovudsakleg fordi vi allereie har tiltak på plass gjennom arbeidet med ISO. Det er ein integrert del av arbeidsprosessen vår, og vi følger dei spesifikke måla og krava som ISO krev.
Det stemmer, de jo verkeleg godt i gang! Til slutt vil eg høyre med deg om de vil anbefale bootcampen til andre bedrifter?
- Absolutt, det er noko eg anbefalar på det varmaste! Det var ein veldig hyggeleg og intim setting, med ein god gjeng frå ulike bedrifter. Å jobbe med engasjerte damer som verkeleg brenn for berekraft og å sitt igjen med ein ferdig berekraftsrapport – det er gull verd, spesielt for ei lita bedrift som oss!
Sjå berekraftsrapporten dei fekk laga på bootcampen her!
Relevante artikler
IP Huse: Kvalitet i alle ledd
Aktuelt
Hos IP Huse er det kvalitet, presisjon og innovasjon som har vore styrande for utviklinga i selskapet i over 100 år. Som ein leiande aktør innan design og produksjon av vinsjesystem for offshoreindustrien, har dei alltid hatt eit blikk for framtida.
Berekraftsrapportering oppå alt anna
Aktuelt
Når dagane, vekene og månadane er fulle av å gi økonomisk rådgiving, kundebesøk, fakturering, lønnskøyring og mykje meir er det utfordrande å setje av tid til å starte med berekraftsrapportering. Samtidig ser dei tilsette at krava til berekraft og berekraftsrapportering til næringslivet aukar, og i det ligg det moglegheiter.