Wattn web 2376

Berekraft

EUs taksonomi: Krava bedriftene må forberede seg på

EUs Taksonomiforordning er eit verktøy for å klassifisere kva aktivitetar som er miljømessig berekraftige. Vi liker å sjå på det som ein telefonkatalog med oversikt over kva aktivitetar som er berekraftige og ikkje. Forordninga vart ein del av norsk lov i 1. januar 2023. Sjølv om den er retta mot store selskap og finansinstitusjonar, vil små og mellomstore bedrifter også bli indirekte påverka av krava.

Den auka etterspurnaden etter miljødata vil gjennomsyre verdikjeder. Mindre bedrifter som ikkje kan levere nødvendige data til dei store aktørane som er påverka av taksonomien kan miste anbodskontraktar, få dårlegare lånevilkår og tape marknadsposisjonar. For å unngå dette tilrår vi alle små og mellomstore bedrifter å starte med berekraftsrapportering.

Taksonomien treffer alle til slutt

Det er først og fremst store bedrifter og finansaktørar som bankar og investorar, som blir omfatta av rapporteringskrava frå taksonomien. Dei er avhengige av å få miljødata frå leverandørane sine for å rapportere i samsvar med regelverket og vil derfor kreve at mindre bedrifter leverer tilstrekkeleg informasjon om eigne berekraftstiltak. Små og mellomstore bedrifter vil altså møte aukande krav frå partnarane sine i verdikjeda.

Den finansielle sektoren, som også blir omfatta av taksonomien, har allereie starta med å inkludere miljødata som ein del av kredittvurderingar. Bedrifter som kan dokumentere berekraftige aktivitetar, kan få betre lånevilkår med lågare rente og lengre nedbetalingstid. Det er ein klar økonomisk fordel å ha miljødataa på plass, og det er ein risiko å ikkje ha det.

Kva risikerer små og mellomstore bedrifter?
Berekraftige kriterium blir stadig meir vektlagde i privat og offentlege anskaffingar. Frå 1. januar 2024 vart klima og miljø vekta med minst 30% i offentlege anbod. Bedrifter som ikkje klarer å dokumentere berekraftig utvikling risikere å miste viktige kontraktar eller gå glipp av anbod, medan dei som leverer gode miljødata vil vinne konkurransen.

Derfor er det er viktig å komme i gang så tidleg som mogleg med kartlegginga av kva område bedrifta kan oppnå miljømessig berekraft, sette opp måleverktøy og integrere dette i den overordna strategien til bedrifta. Vidare må bedrifta forstå kva data som er relevante for kundane deira, leverandørar og finansinstitusjonar.

Dei som vinn er dei som handlar no

EUs taksonomi representerer ei stor omstilling, ikkje berre for store selskap, men også for dei som er ein del av verdikjedene deira. For små og mellomstore bedrifter er det derfor ikkje eit spørsmål om du blir ramma av taksonomien, men når. Jo tidlegare du tek grep, jo betre rusta vil du vere.

Om du synest det er vanskeleg og komme i gang eller tenker at bedrifta eigentleg ikkje har ressursar til dette, vil vi oppmode deg til å lese meir om tilbodet vårt om Bootcamp i berekraftsrapportering.

Rune Jelle-Slenes

Rune Jelle-Slenes

Teknisk KAM

99 39 95 76rune.jelle-slenes@wattn.no