Berekraft
Alle bedrifter bør starte med berekraftsrapportering
Berekraftsrapportering har lenge vore knytt til store selskap. No utviklar EU berekraftsdirektivet til også å gjelde små og mellomstore bedrifter. I denne artikkelen skal vi sjå på korleis og kvifor det er lurt å komme i gang med berekaftsrapportering no.
Pioneren for berekraftsrapportering for små og mellomstorebedrifter er Nordic Sustainability Reporting Standard (NSRs). Initiativet vart starta av Regnskap Norge i samarbeid med søsterorganisasjonar i Sverige og Finland. Saman ønskte dei å skape ein standard som gjorde det enklare å dokumentere og rapportere på berekraftige tiltak, utan å bli overvelda av dei komplekse krava som gjeld for større selskap.
Denne nordiske standarden er unik fordi han tek høgd for dei ressursmessige avgrensingane mange mindre bedrifter står overfor. Samtidig varetek han dei viktigaste elementa innanfor berekraftsrapportering, som klimafotavtrykk, ressursforbruk, og sosiale indikatorar. NSRs er utforma med utgangspunkt i kva slags type berekraftsdata større bedrifter kjem til å etterspørje i verdikjedene sine.
EU likte den nordiske standarden og adopterte den
EU så potensiale i den nordiske standarden og laga ein forenkla versjon for heile Europa, kjent som Voluntary Sustainability Reporting Standard for small-and Medium Enterprises (VSME). Den er frivillig for bedriftene i EU, men er eit viktig steg for å få fleire bedrifter til å jobbe med berekraft og kunne førebu seg på framtidige krav for rapportering.
Obligatorisk berekraftsrapportering i 2026
I 2026 vil EU lansere obligatorisk berekraftsrapportering for små og mellomstore bedrifter gjennom berekraftsdirektivet sitt, Corporate Sustainability Reporting Directive (CSRD). Dette direktivet vil bygge vidare på den forenkla versjonen deira (VSME) og gjere berekraftsrapportering til eit krav for langt fleire bedrifter. Dette betyr at sjølv om VSME er frivillig i dag, er dette berre starten på eit strengare rammeverk som vil komme dei neste åra.
Dersom bedrifta di allereie rapporterer etter VSME eller NSRs vil du vere i forkant og godt førebudd på dei meir detaljerte rapporteringskrava som kjem.
Bruk NSRs standarden og ligg i forkant av krava frå EU
For mindre bedrifter som ønsker å sikre konkurranseevne og redusere risiko, er det lurt å komme i gang med berekraftsrapportering no. Ved å implementere eksempelvis NSRs standarden kan bedrifta dra nytte av fordelane med tidleg rapportering, bygge gode rutinar og sikre at dei er godt posisjonerte når EU i 2026 innfører dei obligatoriske krava. Bedrifta vil også stå sterkare i møte med investorar, kundar og ved anbodskontraktar.
Ein fun fact til slutt!
Marthe Sofie og Kaja leia utviklinga av NSRs og er dei fremste fagekspertane på denne standarden. Vi har fått med Marthe Sofie og Kaja på laget på bootcampen i berekraftsrapportering. Her vil du i løpet av to dagar få fullført berekraftsrapporten frå bedrifta i samsvar med den anerkjende NSRs standarden. Les meir og sikre deg ein plass her.