Microsoft Teams image 3

Kompetanse

19. april, 2024

Camilla og David har eitt klart råd før du byter straumavtale

Bedriftsrådgivarane våre, Camilla og David får ofte førespurnader frå bedriftskundar som har fått tilsynelatande gode tilbod på straum og som ønskjer ein gjennomgang av dette. Sjå sjekklista deira og gode råd til kva du bør gjere dersom du får eit tilbod.

Straumbransjen er ein konkurranseutsett bransje og det er vanleg å få tilbod om straumavtalar som skal gi store innsparingar. Sjølv om desse kan verke freistande, ser vi dessverre ofte at fleire av tilboda ikkje held det dei lovar.

Vårt beste tips og klare oppmoding er å kontakte oss for ein gjennomgang av tilbodet før du tek ei avgjerd. Vi gir deg eit ærleg svar, slik at du kan kjenne deg trygg på valet ditt. I tillegg bør du ta med deg desse tre råda:

Få alt skriftleg
Du bør ikkje inngå ein straumavtale utan at du har fått all viktig informasjon skriftleg. Dette inkluderer informasjon om prisar, vilkår, og angrerett. Slik kan du samanlikne tilbod utan misforståingar.

Ikkje ta avgjerda di kun basert på pris
Sjå på den totale pakken. Ta omsyn til kunderådgiving, vilkår, og eventuelle ekstrakostnader eller bindingstider.

Ver merksam på skjulte gebyr, bindings- og oppseiingstid
Dette kan låse deg til vilkår som ikkje er til fordel for deg. Du kan ende opp med at eventuelle innsparingar blir ete opp av ekstra kostnader.

Ikkje nøl med å kontakte med oss for rettleiing og råd. Vi hjelper deg gjerne med å forstå alle detaljane slik at du tek gode val.

Camilla og David, bedriftsrådgivarar i Wattn

Kontakt Camilla og David for ein gjennomgang!

Wattn-bedrift-Bedriftsrådgiver-Camilla

Camilla Kristin Jensholm

Bedriftsrådgiver, SMB

70 10 20 18camilla.kristin.jensholm@wattn.no
Bedriftsradgiver David Jorgensen Wattn

David Jørgensen

Bedriftsrådgiver, ansvar elbillader bedrift/borettslag

97 34 05 14david.jorgensen@wattn.no