Berekraft bm 2000x700

Berekraft

Klimasmart forbruk

Vi ønsker å bidra til det grønne skifte. Dette gjer vi blant anna ved å tilby innovative teknologiske løysingar, og god rådgjeving i miljøprogrammet EnergiArena. Vi jobbar heile tida mot vårt hovudmål, at kundane våre skal bli meir energieffektive enn gjennomsnittskunden i straummarknaden.

Eit viktig samabeid

Berekraft er blitt eit stort konkurransefortrinn for både kundane våre og for oss. EnergiArena er eit program der vi samlar bedrifter for å jobbe saman mot eit felles mål: Å spare kostnadar og miljøet. Dette har vi i lengre tid gjort gjennom kompetanseheving, og ikkje minst kompetansedeling i miljøprogrammet EnergiArena. Energileiing og energieffektivisering reduserar både klimagassutslepp og kostnadar.

Medlemmane i EnergiArena har spart klimaet for 110.000 tonn Co2, og redusert straumkostnadane med over 150 millionar kroner.

For oss er det viktig å forvalte straum på ein fornuftig og berekraftig måte både for din og vår del. Vi vil gjerne ha deg med, les meir om programmet og ta kontakt med oss!

Vi kan bistå bedrifter i sitt berekraftarbeid gjennom

Energileiing

Energirådgjeving

Miljøprogrammet EnergiArena

Sensorstyring

Visning av CO2e-avtrykk på forbruk

Opphavsgaranti på fornybar straum til klimarekneskap

Elbilladar og styring til fornuftig lading av firmabilar

Gjere ein forskjell
Vi jobbar for å gjere ein forskjell. For oss sjølv, kundane våre, leverandørar og samarbeidspartnarar. Samarbeid, dialog og deling av kunnskap er avgjerande for at vi saman skal nå måla våre. Sjølv ønsker vi å bli klimanøytrale i løpet av 2022. I vårt berekraftsbibliotek finn du retningslinjer og andre dokument som er relevate i arbeidet vårt med berekraft.

Gå til vårt berekraftsbibliotek.