Aktuelt
15. desember, 2025
Vi er med på Vokteren
Vi er stolte av å kunne dele at vi er premieleverandør til den neste sesong av Vokteren på TV 2! Forrige sesong samla over 700 000 sjåarar, og i år er serien spelt inn midt i den spektakulære vestlandsnaturen - landskapet der vi sjølve har røtene våre.

Innspeling i vår eigen bakhage
I Vokteren følger vi kjendisar på ei spektakulær reise gjennom «Voktarens rike», full av fysiske og mentale utfordringar. Målet er toppen av Kolåstinden – 1432 meter over havet – og på vegen er det naturen som set premissane. Vêr, terreng, fjell og fjordar som utfordrar deltakarane heilt til siste steg mot toppen.
For oss er dette meir enn eit TV-program. Det er ei moglegheit til å vise fram landskapet vi ser frå kontorvindauget og brukar i fritida. Fjella, fjordane og dei raske vêrskifta gjer Vestlandsnaturen rå, vakker og kraftfull – og, etter vår meining, noko av det vakraste Noreg har å by på.
Stolte av å løfte regionen saman
Vi veit også at slike produksjonar skapar positive ringverknader, både for regionen og for lokalt nærings- og reiseliv. Å få vere med og løfte fram det vi er stolte av, saman med ein nasjonal TV-produksjon er inspirerande og kjekt.
No tel vi ned til premieren 1.januar. Vi benkar oss framfor TV-en – og håpar du også blir med på reisa gjennom Voktarens (og vårt) rike!